Porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap har hatt første møte
Det nye porteføljestyret vedtok å lyse ut til saman 495 millionar kroner i 2026. Dei første midlane er allereie tilgjengelege gjennom ordningane Nærings-ph.d. og Offentlig sektor-ph.d.
Regjeringa ønskjer meir sivilt-militært forskingssamarbeid. Målet er at kompetansen i det sivile forskingssystemet i større grad skal komme til nytte innanfor forsvar, tryggleik og beredskap og å utnytte moglegheitene som ligg i sivilt-militært forskingssamarbeid
Satsinga har tre overordna spor som følgjer dei tre strategiske hovudprioriteringane i nasjonal tryggingsstrategi.
Desse er
- å styrkje forsvarsevna
- å gjere samfunnet meir motstandsdyktig
- styrkje Noregs økonomiske sikkeheit
Det nye porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap skal forvalte portefølja og hadde sitt første møte i februar 2026.
På det første møtet vedtok porteføljestyret å lyse ut til saman 495 millionar kroner i 2026 til
- forskingssenter for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap (400 mill. kroner)
- forskingsstyrte prosjekt for eit meir datadrive forsvar (81,8 mill. kroner)
- doktorgradsprosjekt i bedrifter og i offentleg sektor (11,5 mill. kroner)
- arrangementsstøtte (inntil 2 mill. kroner)
Last ned presentasjonen frå møtet Forskingrådet hadde i mars om dei kommande utlysingane (blir opna i eit eige vindauge).
Følg med på informasjonssidene for porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap og abonner på nyheitsbrevet vårt for meir informasjon.
Det er sett ned eit arbeidsutval blant medlemmene i porteføljestyret, som skal utarbeide forslag til porteføljeplan. Planen skal diskuterast på neste møte i juni og godkjennast av Forskingsrådets styre i løpet av hausten. Forskingsrådet vil halde eit ope digitalt innspelsmøte om planen i august 2026.
Midlar til nærings-ph.d.- og offentleg sektor-ph.d.-ordningane
Dei første midlane er allereie tilgjengelege gjennom ordningane Nærings- og Offentlig sektor-ph.d. Formålet med Nærings-ph-d.- og Offentlig sektor-ph.d.-ordningane er å styrkje forskningsdriven innovasjon og å bidra til langsiktig kompetansebygging i norsk næringsliv og i offentleg sektor.
Forskingsrådet kan finansiere til saman fem doktorgradsprosjekt som bidreg til kunnskapsutvikling for å styrkje forsvarsevne, sikkeheit og beredskap, og som kan styrkje sivilt-militært forskings- og innovasjonssamarbeid. Prosjekta må bidra til minst ein av dei tre strategiske hovudprioriteringane i nasjonal sikkerheitsstrategi (blir opna i nytt vindauge).
Årets utlysingar opna for søknader i januar og har løpande søknadsmottak og løpande søkandsbehandling.
Her finn du dei to utlysingane:
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. april 2026, kl. 11.26 CEST
Viktig varsel
Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.