Fekk toppskår hos ERC – får til saman 43 millionar kroner frå Forskingsrådet
Hendrik Bentmann ved NTNU og Yann Robiou du Pont ved Universitetet i Bergen får midlar frå Forskingsrådet etter at dei begge fekk toppskår i siste runde hos Det europeiske forskingsrådet (ERC), utan å oppnå finansiering.
Det europeiske forskingsrådet (ERC) får langt fleire toppvurderte søknader enn dei har midlar til å finansiere. Derfor oppretta Forskingsrådet i fjor ei prøveordning der to norske toppvurderte ERC-prosjekt årleg får finansiering frå Forskingsrådet.
Ordninga gjeld ERC-utlysingar i 2024, 2025 og 2026 og rettar seg mot forskarar tidleg i karrieren.
– For å møte kunnskapsbehovet i samfunnet, i dag og i framtida, må vi byggje verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Då må vi satse på dei fremste unge forskarane våre, som hevdar seg i den internasjonale konkurransen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Formålet med ordninga er å støtte framifrå forsking og motivere endå fleire norske forskarar til å søkje ERC. Den er berre tilgjengeleg for inviterte søkjarar som har fått toppvurdering i ERC Starting Grant og Consolidator Grant, men der det ikkje var nok tilgjengelege midlar til å få finansiering. Forskingsrådet vil finansiere to prosjekt kvart år – eitt av kvart prosjekttype med same beløp som dei søkte ERC om å få.
– ERC er ein av dei mest prestisjetunge konkurransearenaene innanfor forsking. Dette er prosjekt av topp kvalitet som er med på å kople norske miljø endå betre på den internasjonale forskingsfronten, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Desse får finansiering i 2026
Hendrik Bentmann ved NTNU får 25,3 millionar kroner til å utforske korleis elektronspinn i materiale kan kontrollerast på nye måtar.
Ved hjelp av avanserte mikroskopiske avbildingsteknikkar har prosjektet som mål å oppdage nye fysiske mekanismar som koplar elektronspinn til korleis elektron bevegar seg gjennom eit materiale.
Resultata kan bidra til å leggje grunnlaget for raskare og meir energieffektive minne- og informasjonsteknologiar for framtidas datamaskinar og mobile einingar.
Yann Robiou du Pont ved Universitetet i Bergen får 17,6 millionar kroner til å undersøkje kva som kjenneteiknar eit ambisiøst klimamål.
Kor mykje bør eit land, ein by eller eit selskap redusere utsleppa sine for å vere i tråd med måla i Parisavtalen? Kva rolle har dei i oppnåinga av dei globale klimamåla? Desse spørsmåla er viktige når ein aktør skal fastsette klimamål, men dei blir også i aukande grad viktige for observatørar og domstolar når dei vurderer ambisjonsnivået i klimamåla til styresmakter og næringsliv. Likevel manglar vi ei heilskapleg forståing av korleis løfta frå desse aktørane heng saman, og dessutan konkrete verktøy som gjer det mogleg for institusjonar å gjennomføre og handheve dei globale klimamåla.
Prosjektet skal utvikle verktøy som er tilpassa avgjerdstakarar og domstolar, slik at dei kan vurdere ambisjonsnivået i utsleppsmåla til land, lokale styresmakter og verksemder.
Slik er søknadene behandla
Alle ERC søknader som er aktuelle for å få midlar frå denne ordninga i Forskingsrådet har fått karakter A i eitt av dei 28 fagpanela som har behandla søknadene i ERC. Det er inga rangering av søknader mellom panela. Alle søknadene i Forskingsrådets ordning stiller derfor likt når det gjeld utveljing. Utveljinga skjer gjennom loddtrekking mellom søknadene. Denne blir gjennomført i Porteføljestyret for banebrytande forsking.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 11. mai 2026, kl. 13.16 CEST