Éin euro til forsking kan gi opptil elleve euro i BNP-gevinst
EU anslår at kvar euro investert gjennom EUs neste rammeprogram for forsking, Horisont Europa, kan gi ein samla BNP-gevinst på om lag 4–11 euro fram til 2045.

Det er viktig at Regjeringa har signalisert tydeleg at ambisjonen er at Noreg skal delta i neste Horisont Europa.
– Deltaking i det europeiske forskingsprogrammet og Konkurranseevnefondet er avgjerande for norsk kunnskapsutvikling, konkurransekraft og motstandskraft. Gevinsten av deltaking vil vere stor for enkeltaktørar, men særleg for samfunnet samla sett, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Gjennom Horisont Europa vil norske forskarar få tilgang til finansiering, men også til europeisk forskingsinfrastruktur og partnarar og nettverk. Bedrifter vil få høve til å utvikle og bruke nye løysingar og få innpass på nye marknader.
– Erfaringa viser at Noreg gjer det best i europeiske program på område der vi har sterke fagmiljø og tydelege nasjonale prioriteringar. Europeisk deltaking kan derfor ikkje erstatte nasjonal satsing på forsking og innovasjon. Dette må vere investeringar som byggjer på og forsterkar kvarandre. Deltaking i det europeiske rammeprogrammet vil koste, men kostnaden ved å ikkje delta er større, seier Sundli Tveit.
Les meir hos Europakommisjonen: For every euro invested Horizon Europe generates up to €11 in economic gains.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. november 2026, kl. 13.30 CET