Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner
No får 24 forskingsprosjekt rundt om i Noreg gode nyheiter: Dei får til saman 253 millionar til forsking som skal gje nyskapande kunnskap. Nokre av Noregs beste forskarar skal mellom anna forske på korleis vi kan få mindre kø, betre luftkvalitet og meir kunnskap om sårbare artar.
– Vi sikrar norsk tryggleik, konkurransekraft og velferd gjennom satsing på ny kunnskap. Forskinga som no får støtte, flyttar grensene for kva vi veit og er med på å bygge verdsleiande forskingsmiljø i Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Skal dele ut 100 millionar kroner meir enn i fjor
I 2026 skal Forskingsrådet dele ut til saman 1,5 milliardar kroner for å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er 100 millionar kroner meir enn i fjor.
– Den nysgjerrigheitsdrivne og dristige forskinga er spesielt viktig for å utvikle forskinga vidare. Forskingsrådet satsar målretta både på unge forskartalent og etablerte forskarar for å bygge framifrå forsking, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Pengar til toppforsking og radikale forskingsidear
Forskingsrådet sine ordningar for banebrytande forsking finansierer prosjekt av høg kvalitet innanfor alle fagområde, med utgangspunkt i forskarane sine eigne prosjektidear. Dei 253 millionane er fordelte på tre utlysingar med ulike føremål:
- 55 millionar kroner til to toppforskingsprosjekt med mål om å utvikle eit verdsleiande forskingsmiljø. Støtta føreset samarbeid mellom to eller fleire leiande forskarar.
- 8 millionar kroner til fire spesielt radikale forskingsidear, gjennomførte av forskarar tidleg i karrieren. Kvart prosjekt får 1,4–2 millionar kroner.
- 190 millionar kroner til banebrytande forsking av høg kvalitet gjennom ordninga FRIPRO. Til saman blir 18 prosjekt finansierte med 7–12 millionar kroner kvar.
Dette er den andre av i alt seks planlagde tildelingsrundar til banebrytande forsking i 2026. Neste tildelinga planlagd i veke 25.
Her er nokre av prosjekta som får pengar
Prosjekta er fagleg varierte og handlar om blant anna celler som hugsar, kvantedatamaskinar og korleis konsulentar påverkar politikk.
Korleis forskingsfelt endrar seg og kvifor det betyr noko
Forskarar ved UiB får 15 millionar kroner for å byggje eit verdsleiande forskingsmiljø som undersøkjer korleis fagfelt utviklar seg. Prosjektet undersøkjer kva som driv endring – nye metodar, idear og finansiering – og korleis styring påverkar kunnskapsutvikling. Ved å kombinere intervju og dataanalyse vil forskarane kartleggje korleis fag blir forma over tid i Noreg og Danmark.
Friskare barn med smartare ventilasjon
Ein forskar ved SINTEF får 2 millionar kroner for å teste ut den radikale forskingsideen sin: eit ventilasjonssystem i barnehagar som ikkje berre overvaker CO₂, men også støv, kjemikaliar, fukt, mikrobar, radon og temperatur. Målet er å gi barnehagebarn reinare luftkvalitet, mindre sjukdom og redusere energibruk – og utforske kva kjelder som eigentleg påverkar helsa og forureinar i kvardagen deira.
Kvantedatamaskiner med sjeldne jordartar
Forskarar ved Institutt for energiforsking får 2 millionar kroner for å studere korleis elektrona i ein klasse av magnetiske materiale som inneheld «sjeldne jordartsmineraler», oppfører seg. Svært presise berekningsmetodar kan gi svar på om elektrona i materiala kan danne ein tilstand som kallast ei kvantespinnvæske. Viss slike materiale kan eksistere, vil dei kunne brukast i kvantedatamaskiner.
Korleis hugsar kroppen?
Forskarar ved Oslo universitetssjukehus får 40 millionar kroner for å byggje eit verdsleiande forskingsmiljø der dei skal forske på korleis celler hugsar. Særleg skal dei sjå på korleis celler hentar fram og gløymer stress, for eksempel knyta til svolt. Prosjektet utforskar korleis epigenetiske endringar og spesialiserte ribosomer lagrar erfaringar, og korleis dette påverkar samspelet og utviklinga hos organismar. Her blir banebrytande biologi og genetikk kombinert med modellering for å avdekkje cellenes ”minne” og samordning.
Mindre kø med hjelp frå algoritmar
Ein forskar tidleg i karrieren ved SINTEF får 10 millionar kroner for å gjere transportsystem smartare når dei er på sitt mest pressa. Prosjektet utviklar nye matematiske modellar og algoritmar som kan lage betre rutetabellar og raskt omdirigere tog, fly og bytransport når noko går gale. Målet er mindre forseinkingar, meir robust drift og betre utnytting av eksisterande infrastruktur – utan dyre utbyggingar.
Kva rolle har konsulentfirma i politikkutforming?
Forskarar ved Norsk utanrikspolitisk institutt får 12 millionar kroner for å studere korleis store konsulentselskap har vorte ein «tredje hånd» i global politikkutforming. Prosjektet skal mellom anna gi kunnskap om kva rolle konsulentselskapa har i mellomstatlege organisasjonar og korleis konsulentane påverkar politikk via lobbyverksemd.
Når molekyl mistar eit elektron
Ein forskar tidleg i karrieren ved NTNU får 10 millionar kroner for å utvikle nye teoriverktøy som forklarer kva som skjer når molekyl mistar eit elektron eller blir ioniserte. Prosjektet studerer positivt lada molekyl i vakuum, løysing og biologiske miljø, og følgjer korleis dei endrar seg over tid. Kunnskapen skal gjere det lettare å tolke avanserte laserforsøk og forstå korleis UV-stråling kan skade DNA.
Sårbare artar, museumssamlingar og kunstig intelligens
Forskarar ved NTNU Vitenskapsmuseet får 12 millionar kroner for å blåse nytt liv i dei enorme naturhistoriske samlingane til museet. Ved hjelp av kunstig intelligens og millionar av digitaliserte plantar og dyr kartlegg forskarane korleis klimaendringar har påverka økosystem over hundrevis av år. Resultata gir ny innsikt i kva naturtypar som er mest sårbare i møte med framtidas klima.
Å seie ja og nei på ulike språk
Ein forskar tidleg i karrieren ved UiO får 10 millionar kroner for å undersøkje korleis vi uttrykkjer semje og usemje i kvardagsprat. Prosjektet studerer naturlege samtalar på norsk og spansk, både som morsmål og andrespråk. Ordval, tonefall og kroppsspråk blir analysert augneblink for augneblink for å avsløre kulturelle forskjellar. Målet er å gi lærarar ny kunnskap om kulturforskjellar og å byggje betre samspel i klasserom, fellesskap og samfunn.
Om søknadsbehandlinga
147 søknader frå forskarar over heile landet vart vurderte i denne tildelingsrunden. To av prosjekta som får finansiering er toppforskarar, fire er radikale forskingsidear i tidleg karriere, åtte er forskarprosjekt for erfarne forskarar, ni er forskarprosjekt for tidleg karriere og eitt er forskarprosjekt med internasjonal mobilitet.
Søknadene som no er ferdig behandla, vart sendt inn i perioden frå mai 2025 til februar 2026. Variasjonar i søknadsbehandlingstida kjem mellom anna av ulikt tal på innkomne søknader på kvart enkelt fagområde, ulik tilgang til fagfellar og kor mange tildelingsrundar kvar enkelt søknad har delteke i. Dei eldste søknadene er blant dei 16 søknadene som har konkurrert om midlar i fleire rundar. Neste tildeling frå FRIPRO er planlagd til veke 25.
Søkjarar som har fått innvilga eller avslått søknaden sin no, får brev om dette på Mitt nettsted i løpet av to veker.
Du kan lese meir om tildelingsprinsippa og søknadsbehandlinga på informasjonssida til FRIPRO.
Oversikt over alle prosjekta som får støtte
|
Institusjon |
Prosjektleiar |
Tittel |
Søkt beløp (tusen kroner) |
|
Toppforskere |
|||
|
UiB |
Jacob, Merle |
CHANGE-SSH: Understanding disciplinary change in the social sciences and humanities |
15000 |
|
OUS |
Enserink, Jorrit |
Learn–Recall–Forget: Causal Circuits of Starvation Memory for Population Coherence in Homeostasis and Development |
40000 |
|
Erfarne forskarar |
|||
|
SINTEF AS |
Grandcolas, Mathieu |
Rapid thermal processing of emerging photoelectrochemical materials |
12000 |
|
UiB |
Sandaa, Ruth-Anne |
Deciphering Virus -Host coevolution across the domains of life |
11993 |
|
UiS |
Kurkela, Eero Aleksi |
Quantum chromodynamics in neutron-star cores |
12000 |
|
NTNU |
Speed, James |
Revealing global-scale climate sensitivity of ecological processes using natural history collections |
12000 |
|
UiB |
Ousdal, Olga Therese |
DepRelapse: Unravelling the biological underpinning of depression relapse |
12000 |
|
UiT |
McCutcheon, James |
Signalling the Neural and Behavioural Properties of Protein |
12000 |
|
NUPI |
Seabrooke, Leonard |
The Third Hand: Consultants in Global Policymaking (3rdHand) |
11966 |
|
UiO |
Espeseth, Thomas |
Beyond Human Memory: Testing Whether Memorability Reflects Computational Necessity |
12000 |
|
Tidleg karriere |
|||
|
UiO |
Steinebach, Yves |
How Policy Growth Affects Policy Implementation and Performance |
10000 |
|
NTNU |
Folkestad, Sarai Dery |
Accurate and Spin-Adapted modeling of Photochemistry in radical cations embedded in biological macromolecules or solvents |
10000 |
|
UiT |
Salmela, Tarja |
The Roads That Remain: Residual Pathways as Living Archives in Northern Fennoscandia |
10000 |
|
UiO |
Kryluk, Michael |
From the Heavens Down to Earth: Kant's Socratic Revolution and the Democratic Purpose of Philosophy |
8036 |
|
UiO |
Heyn, Björn |
DEFORM - Deflection of the Core-Mantle Boundary Reorganizes Mantle Flow |
9997 |
|
UiB |
Pauzin, Francois philippe |
Role of corticothalamic pathways in multisensory processing |
10000 |
|
UiO |
Fridman, Linn Bonaventure |
Social neurogenomics pathways to cognitive disparities in youth |
10000 |
|
UiO |
Allport, Benjamin |
Medieval Propaganda. Coinage, Skaldic Poetry, and the Legitimization of Royal Power in Norway, c. 995-1111 |
8734 |
|
SINTEF AS |
Luteberget, Bjørnar |
D-CONGEST: Scalable job-shop scheduling algorithms for transportation systems |
10000 |
|
Radikale forskingsidear |
|||
|
SINTEF AS |
Marchand, Daniel |
AI Accelerated Advancement of Atomic Aluminium Alloys (AAAAAA “six-A”) |
2000 |
|
SINTEF AS |
Justo Alonso, Maria |
KidVent: Air pollutant-based ventilation to enhance health in kindergartens |
2000 |
|
IFE |
Ofstad, Benedicte Sverdrup |
Exchange is in the details: A new route to rare-earth Kitaev quantum spin liquids |
2000 |
|
UiB |
McTiernan, Nina |
NOVA-PATH: Novel actors regulating protein degradation pathways |
2000 |
|
Internasjonal mobilitet |
|||
|
UiO |
Sbertoli-Nielsen, Paul |
Interactional Linguistics for Language Teacher Education on Agreement |
6888 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. mai 2026, kl. 14.04 CEST