241 millionar kroner til banebrytande forsking
No får 24 nye banebrytande forskingsprosjekt finansiering frå Forskingsrådet. Prosjekta skal gi ny kunnskap mellom anna om klimaendringar, kreftbehandling og korleis digitale møte påverkar internasjonale forhandlingar.
– Noreg må styrkje kapasiteten for forskingsgjennombrot og langsiktig kunnskapsutvikling for å hevde seg i den internasjonale konkurransen. Prosjekta som får pengar i dag bidreg til fagleg fornying og til ein kunnskapsberedskap som legg grunnlaget for framtidig verdiskaping og innovasjon, seier områdedirektør i Forskingsrådet Benedicte Løseth.
100 millionar kroner meir enn i fjor
I 2026 skal Forskingsrådet dele ut til saman 1,5 milliardar kroner for å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er 100 millionar kroner meir enn i fjor.
Pengar til toppforsking og radikale forskingsidear
Ordningane våre for banebrytande forsking finansierer prosjekt av høg kvalitet innanfor alle fagområde, med utgangspunkt i forskarane sine eigne prosjektidear. Dei 241 millionane er fordelte på tre utlysingar med ulike føremål:
- 40 millionar kroner til eitt toppforskingsprosjekt med mål om å utvikle eit verdsleiande forskingsmiljø. Løyvinga føreset samarbeid mellom to eller fleire leiande forskarar.
- 10 millionar kroner til fem spesielt radikale forskingsidear, gjennomførte av forskarar tidleg i karrieren. Kvart prosjekt får 2 millionar kroner.
- 191 millionar kroner til banebrytande forsking av høg kvalitet gjennom ordninga FRIPRO. Til saman blir 18 prosjekt finansierte med 7–12 millionar kroner kvar.
Dette er den tredje av i alt seks planlagde tildelingsrundar til banebrytande forsking i 2026. Neste tildelinga planlagd i veke 38.
Her er nokre av prosjekta som får pengar
Prosjekta er fagleg varierte og handlar mellom anna om kart over universet, festspel i romarriket og proton som spelar på lag med immunceller for å kurere kreft.
Betre kart av Universet
Forskarar ved UiO får 40 millionar kroner for å byggje eit verdsleiande forskingsmiljø som skal gi oss meir detaljerte kart over universet. Forskarane har utvikla metodar for å kombinere observasjonsdata frå fleire satellittar. Metodane har allereie gitt betre kart av bakgrunnsstrålinga frå Big Bang. No skal metodane vidareutviklast med data frå endå fleire satellittar. Målet er å få ny innsikt i korleis universet har utvikla seg, mellom anna korleis galaksar blir danna og endrar seg over tid.
Energioverskotet som skapte ei global hetebølgje
Forskarar ved Nansensenteret (NERSC) får 12 millionar kroner for å løyse mysteriet bak den ekstraordinære globale hetebølgja i 2023–2025. Dei vil finne ut kvar all den ekstra energien kom frå, korleis havet kan ha fungert som ein gigantisk varmebuffer og kva dette betyr for framtidas klima. Prosjektet skal også utvikle betre klimavarsel for framtidige fleirårige varmeperiodar.
Festspel og makt i Romarriket
Ein forskar tidleg i karrieren ved UiO får 7 millionar kroner til å forske på rolla festspel til ære for gudinna Roma og romerske keisarar hadde i Italia og i den greske verda. Slike arrangement både styrkt keisarmakta og gav lokale samfunn rom til å uttrykkje eigen identitet gjennom utforminga av tradisjonar og praksisar. Ved å sjå på religiøse, sosiale og politiske sider av festane, belyser prosjektet korleis dei fungerte som møteplassar der romersk autoritet og lokale identitetar vart forhandla og synleggjorde.
Protonstråling for betre immunforsvar
Ein forskar tidleg i karrieren ved Oslo universitetssjukehus HF får 10 millionar kroner for å finne ut korleis protonstråling kan vekkje immunforsvaret ved behandling av lungekreft. I musemodellar skal protonstråling kombinerast med ein type immunterapi som skal hjelpe immunforsvaret til å oppdage og angripe kreftceller. Forskarane skal finne ut kva som er det beste tidspunktet å veksle mellom behandlingsmetodane. Målet er å finne ein kombinasjon som gir meir trykk i behandlinga enn det dei to metodane kan oppnå på eigenhand.
Kan nye måtar for representasjon av data gi oss betre forståing av fred og konfliktar?
Ein forskar ved Institutt for fredsforsking får 2 millionar kroner for å teste ut den radikale forskingsideen sin om korleis konfliktdata kan framstillast som kunnskapsgrafar. Kvantitativ forsking på fred og konfliktar bruker ofte fleire store datasett der kvart datasett har eigne definisjonar og klassifikasjonar som ikkje alltid er like lett å overføre mellom datasetta.
Kva som til dømes blir klassifisert som ein stat eller som ei væpna opprørsgruppe kan variere mellom datasetta, og desse forskjellane er ofte vanskeleg tilgjengeleg. Dette prosjektet skal bruke AI og språkmodellar for å lage kunnskapsgrafar som viser fram forskjellane mellom datasetta og gjer det enkelt å finne der datasetta er ulike og kvifor dei er det. Forskarane vurderer både faglege og praktiske sider ved denne tilnærminga og kan leggje grunnlag for meir opne og samankopla data i freds- og konfliktforsking.
Krystall-kikking i 4D
Ein forskar ved NTNU får 2 millionar kroner for å finne ut korleis ein kan overvake krystall-belegg som veks, losnar og lagar trøbbel inne i våte røyrsystem. CrystalView bruker høgfrekvent lys som ein slags kjemisk 4D-kikkert. Målet er å avsløre tjukn, porøsitet, fase og ruheit på innsida av røyra på mindre enn eitt minutt. Dette er nyttig i industrien og kan gi smartare og raskare varsling før røyra får krystall-forstopping.
Kva skjer når internasjonale forhandlingar går føre seg digitalt?
Ein forskar tidleg i karrieren ved USN får 10 millionar kroner til å finne ut kva som skjer med forhandlingar når dei blir flytta over til digitale plattformer. Stadig fleire internasjonale forhandlingar går føre seg digitalt. Dette sparer tid, pengar og miljøet og kan gjere det lettare for fleire å delta. Kva for nokre andre effektar blir skapte av digitale forhandlingar? Og er dei alltid positive? Prosjektet undersøkjer mellom anna korleis dette påverkar forhandlingane med omsyn til deltaking, drøftingar og taktikk, legitimitet og resultat.
To år med løpande utlysingar
Etter to år med løpande søknadsmottak og behandling er det ein stor og varig nedgang i talet på søknader motteken per år. I perioden 2018 til 2022 før vi gjekk over til løpande utlysingar, vart det årleg sendt inn mellom 1300 og 2000 søknader. Dei siste to åra har det vore eit stabilt søknadstilfang på 650–700 per år. Dette har gitt ein auke i innvilging frå mellom 5 og 10 prosent, til no å liggje stabilt på cirka 20 prosent i dei tre løpande FRIPRO-utlysingane.
Overgangen til løpande utlysingar har ikkje gitt nokon utilsikta endringar. Vi har framleis same fordeling av søknader frå institusjonar og institusjonstypar, vi har same kjønnsfordeling blant prosjektleiarar og same fordeling av midlar mellom fagområde. Utjamningsmekanismane fungerer etter intensjonen.
Om søknadsbehandlinga
91 søknader frå forskarar over heile landet vart vurderte i denne tildelingsrunden. Eitt av prosjekta som får finansiering er toppforskarar, fem er radikale forskingsidear i tidleg karriere, ni er forskarprosjekt for erfarne forskarar, åtte er forskarprosjekt for tidleg karriere og eitt er forskarprosjekt med internasjonal mobilitet.
Søknadene som no er ferdig behandla, vart sendt inn i perioden frå september 2025 til april 2026. Variasjonar i søknadsbehandlingstida kjem mellom anna av ulikt tal på innkomne søknader på kvart enkelt fagområde, ulik tilgang til fagfellar og kor mange tildelingsrundar kvar enkelt søknad har delteke i. Fleire av søknadene med lengst behandlingstid har konkurrert om midlar i fleire vedtaksrunder. Neste tildeling frå FRIPRO i 2026 er planlagd til veke 38.
Søkjarar som har fått innvilga eller avslått søknaden sin no, får brev om dette på Mitt nettsted i løpet av to veker.
Du kan lese meir om tildelingsprinsippa og søknadsbehandlinga på FRIPROs informasjonsside.
|
Institusjon |
Prosjektleiar |
Tittel |
Søkt beløp (tusen kroner) |
|
Toppforskere |
|||
|
UiO |
Eriksen, Hans Kristian |
Cosmoglobe-Xtreme – mapping the energetic Universe from the Milky Way to the Big Bang |
40000 |
|
Erfarne forskere |
|||
|
UiO |
wang, junbai |
In Silico Study of Genome Regulation in Cancer with Biophysically Interpretable Machine Learning |
10620 |
|
OsloMet |
Larsen, Håkon |
Free speech controversies and the arts |
11280 |
|
UiB |
Mc Cormack, Emmet |
DogBiTE, a predictive and therapeutic platform |
12000 |
|
SIMULA AS |
Rognes, Marie Elisabeth |
From connectomes to continua: new complexes in brain multiphysics |
12000 |
|
UNIS |
Baddeley, Lisa |
SPECTral catagorization of REaltime Ionospheric Processes |
11840 |
|
UiO |
Rogne, Marie |
TargetTF: microProtein-based strategies to target transcription factors |
12000 |
|
OsloMet |
Figenschou, Tine Ustad |
The Media Criticism Paradox: Characteristics, consequences and conceptualization |
12000 |
|
BI |
Geys, Benny |
The Administrative Apparatus of the State |
12000 |
|
STIFTELSEN NANSEN SENTER FOR MILJØ OG FJERNMÅLING |
Suo, Lingling |
Extreme Warmth 2023-2025: Unravelling the Link to Earth’s Energy Imbalance |
12000 |
|
Tidlig karriere |
|||
|
OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF |
Müller, Elisabeth |
Rotons to Immune reSCue (PRISC) - Can proton therapy break the resistance to immune-checkpoint inhibition in lung cancer? |
10000 |
|
UiO |
Kempton, Alexander |
The Platform Bind: Theorizing Dependencies in Public Sector Digitalization |
9999 |
|
UiO |
Frandsen, Benjamin Normann |
Molecular Atmospheric Chemistry on Alien Worlds. |
10000 |
|
USN |
Berge, Tarald Gulseth |
Virtualization of multilateral negotiations |
9996 |
|
UiO |
Wethal, Ulrikke |
WASTEVALUE: Waste, Value and Circularity in the Global supply chain for Used Textiles |
10000 |
|
UiO |
Madsen-Østerbye, Julia |
LipoTarget: Discovering genomic mechanisms of lamin A-linked lipodystrophy to identify novel therapeutic targets |
10000 |
|
UiO |
Brauer, Ethan |
Logical Classes in Modern Mathematics |
8001 |
|
UiO |
Borgen, Solveig Topstad |
The Gendered Role of Family Formation for Socioeconomic Integration of Immigrant Descendants |
10000 |
|
Radikale forskningsideer |
|||
|
NTNU |
Appelquist Løge, Isaac |
4D Terahertz Observation of Crystallisation Fouling |
2000 |
|
UiO |
Townson, Jonathan |
Getting COSI: Contact Sites In vivo - how the ER keeps in touch during differentiation and disease. |
2000 |
|
UiB |
Larsen, Morten Andreas Govasli |
Tumor suppressor control of receptor tyrosine kinase phase separation: OPCML as a suppressor of oncogenic AXL signaling condensates |
2000 |
|
INSTITUTT FOR FREDSFORSKNING STI |
Vestby, Jonas |
Knowledge Graph Representations for Peace and Conflict Data (CGRAPH) |
2000 |
|
UiO |
Gajewska, Katarzyna |
Under Pressure: Mechanosensitive Nuclear Bodies in Cancer Progression |
2000 |
|
Internasjonal mobilitet |
|||
|
UiO |
Maniglia, Francesco |
The Goddess Roma: Agonistic Festivals and Political Cultures in the Roman Empire |
6984 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. juni 2026, kl. 15.35 CEST