Spør KI-samtaleroboten vår

Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som kan bli springbrett til Horisont Europa

Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 70 nye COST-nettverk som startar opp i 2025. Vi har sett at deltakarar i desse nettverka har større sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.

Dette er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar og dei er i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST).

Deltakarane tek med seg eiga forsking inn i nettverket. COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket og til sommarskular og korte forskingsopphald. 

COST finansierer ikkje forsking.  

Stor norsk interesse

Det er stor interesse her i Noreg for å delta i desse nettverka. Norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ei spørjegransking frå oss Forskingsrådet, er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont Europa-søknad eller dei planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.

Nettverka kan opne mange dører

Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt, med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader.

Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.

– Dette er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.

Ta kontakt viss du vil delta

Du finn oversikt over dei nye nettverka på nettsida til COST. Ta kontakt med oss i Forskningsrådet så snart som mulig viss du ønskjer å bli med. For å bli vurdert i den første runden av oppnevningar til desse nye nettverka må du kontakte oss seinast 13. juni 2025.

Send ein e-post til:  COST-CNC@forskningsradet.no.

Vi kjem til å be dei som er interesserte i delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposers" i søknadsprosessen.

Positive erfaringar frå norske deltakarar i COST-nettverk

Vi sendte tidligare i år ei spørjegransking til norske deltakarar i nettverk som vart avslutta i 2022 og 2023. Her er nokre utdrag frå svara vi fekk:

  • 31 prosent deltek i EU-prosjekt, i ein søknad eller planlegg ein søknad til Horisont Europa, saman med andre deltakarar frå nettverket.
  • 20 prosent seier deltakinga i nettverket har vore heilt avgjerande for å komme inn i gode konsortium med tanke på deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
  • Meir enn 60 prosent har publisert saman med andre deltakarar i nettverket.
  • Nærare 80 prosent seier at dei heilt klart vil tilrå andre å delta i eit COST-nettverk.

Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk er no open for søknader og søknadsfristen er 21. oktober 2025: Open Call: A Simple One-Step Application Process

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. april 2026, kl. 06.48 CEST

Viktig varsel

Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.