Vi har fått ny svarteneste
Frå 1. desember, vil de sjå at vi har ein ny måte for dykk å ta kontakt med oss på. Sjå her korleis de no kontaktar oss og kvifor vi har gjort denne endringa.
Her kan de ta kontakt med oss.
Ved å klikke på lenkja over kan du sende inn førespurnaden din via eit enkelt kontaktskjema, eller ved å logge inn i systemet. Her får du også full oversikt og høve til å følgje opp alle førespurnadene dine på éin stad.
Vi har valt å fornye måten vi tek imot alle typar spørsmål frå dykk på for å gjere det lettare for dykk å ta kontakt og for å gjere kommunikasjonen mellom oss og dykk meir effektiv, trygg og straumlinjeforma. Vi ønskjer å gi dykk både gode og raske svar.
De finn denne lenkja på dei fleste plassane på nettsidene der de tidlegare har funne andre e-postadresser eller telefonnummer.
Sjå også den generelle kontakt oss-sida vår her på nettsidene.
Vi ser fram til å høyre frå dykk.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. april 2026, kl. 05.35 CEST
Viktig varsel
Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.