Ny plan for kjønnsbalanse, kjønnsperspektiv og mangfald
Styret i Forskingsrådet har godkjent ein ny og oppdatert plan for kjønnsbalanse, kjønnsperspektiv og mangfald. Planen markerer eit viktig steg for å styrkje likestilling og inkludering i norsk forsking.
– I mange land er likestilling, mangfald og inkludering under hardt press. Det utfordrar grunnleggjande demokratiske og akademiske verdiar. Derfor er det svært viktig at Noreg framleis har ein tydeleg plan for korleis vi skal styrkje likestilling, mangfald og inkludering i norsk forsking, seier områdedirektør i Forskingsrådet Benedicte Løseth.
Forskingsrådet vil gjennomføre ei rekkje tiltak for å styrkje likestilling og inkludering i norsk forsking, som meir eksplisitt å etterspørje kjønns- og mangfaldsperspektiv i utlysingar.
– Forskingsrådet skal bidra til eit forskingssystem som gir alle forskarar og samarbeidspartnarane deira like moglegheiter til å ta del i Forskingsrådets finansiering og aktivitetar. Dette er viktig for å sikre kvalitet i norsk forsking, seier Løseth.
Planen er utarbeidd etter ein open høyringsrunde.
Tre innsatsområde
Når det gjeld kjønnsbalanse vil Forskingsrådet føre vidare Balanse-satsinga, no med sterkare vekt på mangfald og inkludering. Kvinner utgjer no fleirtalet blant studentar og stipendiatar, men det er framleis ei utfordring med store forskjellar i kjønnsbalanse på ulike fagområde og i toppstillingar.
Både forskinga og i samfunnet elles manglar kunnskap om og forståing av kjønnsperspektiv. Forskingsrådet vil gi betre informasjon til søkjarar om kva kjønnsperspektiv inneber, og i større grad be om kjønns- og mangfaldsperspektiv i utlysingar.
Mangfald omfattar inkludering av minoritetar, urfolk, personar med innvandrarbakgrunn, LHBTQI, funksjonsvariasjonar og sosial bakgrunn. Forskingsrådet vil framover leggje meir vekt på ulike mangfaldsdimensjonar i forskinga.
Tiltaksplanen
Rapporten inneheld ein tiltaksplan for korleis Forskingsrådet skal arbeide med kjønnsbalanse, kjønnsperspektiv og mangfald. I planen står det også at vi mellom anna skal
- eksplisitt etterspørje kjønns- og mangfaldsperspektiv i fleire utlysingar
- gi informasjon og opplæring om kjønnsperspektiv til både søkjarar og fagekspertar
- harmonisere krav og vurderingskriterium med EU
- gi større merksemd til det å rekruttere internasjonale forskarar og innvandrarar/norskfødde med innvandrarbakgrunn
- synleggjere mangfald i våre eigne kanalar og styre
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2025, kl. 10.52 CET