Norske forskingsmiljø gjer det framleis bra i Horisont Europa
Noreg ligg framleis over regjeringa sin ambisjon om at 2,8 prosent av forskingsmidlane skal gå til norske forskingsmiljø, trass nedgang det siste året. Nye tal viser at Noreg så langt hentar heim 3,08 prosent.
Denne saka vart først publisert på regjeringen.no
Horisont Europa er verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Til no har norske aktørar konkurrert seg til over 17 milliardar kroner. Noreg har konkurrert seg til mest EU-midlar per FoU-årsverk blant topp-15 landa.
– Norske forskingsmiljø gjer det bra i ein hard og prestisjefylt konkurranse internasjonalt, og det kan vi vere stolte av. Det er viktig for norsk konkurransekraft, og avgjerande for vår evne til å omstille oss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Nye tal viser at både forskingsmiljø og verksemder held høgt nivå i konkurransen om EU-midlar.
– Norsk næringsliv hevdar seg framleis sterkt i Horisont Europa. Gjennom dette programmet får norske verksemder moglegheit til å vere med i nettverk og samarbeid med Europas fremste forskings- og innovasjonsmiljø. Dette bidreg til å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).
Gode tal, men samtidig nedgang
Den norske deltakinga har svekt seg det siste året. Sjølv om norske forskarar framleis gjer det bra, har den samla norske returandelen (delen av dei utlyste midlane som har gått til norske aktørar) falle frå 3,18 prosent ved førre oppdatering i april 2025 til 3,08 prosent no. Suksessraten (delen av dei innvilga søknadene) har gått ned det siste året, frå 23,1 til 21 prosent.
– Nedgangen viser at vi må halde trykket oppe og framleis utnytte dei gode moglegheitene som ligg i programmet. Målet er at Noreg framleis skal ligge i toppen, seier Aasland.
Hovudårsakene til nedgangen er sterkt aukande konkurranse på grunn av nye assosierte land som Storbritannia. Dei siste resultata kjem i stor grad frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), kor den norske returandelen er lågare enn den totale norske returandelen i Horisont Europa, og dermed bidreg til å trekke den totale returandelen ned. I tillegg gjorde Noreg det svært godt tidleg i rammeprogrammet og mottok også store tildelingar til CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations). Difor vil returandelen òg gå noko ned når fleire midlar blir tildelte andre aktørar.
Fallande returandel er òg tilfelle for dei fleste andre land det siste året.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 28. november 2025, kl. 16.26 CET