Spør KI-samtaleroboten vår

Norsk biotekbørs: Forsking gir konkurransekraft

Ti av dei største biotek-selskapene på Oslo børs har alle fått støtte frå Forskingsrådet.

Ei fersk kartlegging av den norske biotekbørsen viser at fleire selskap nærmar seg milliardklubben. Verdiane reflekterer ikkje berre trua til investorane på forskingsresultata og teknologien, men også at selskapa har nådd viktige milepælar innan klinisk testing. 

Frå forsking til marknad

– Bioteknologiselskap har lange, krevjande utviklingsløp der tilgang på kapital er kritisk. Fleire analysar viser at denne typen selskap har  behov for offentleg støtte for å kunne ta lovande forskingsresultat frå laboratoriet og ut i kliniske studiar. Fleire av desse selskapa har brukt Forskingsrådets næringsretta ordningar  for å utvikle legemiddel og vaksinar, seier  Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør for innovasjon i privat og offentleg sektor i Forskingsrådet. 

Med solide forskingsresultat og samarbeid med nasjonale og internasjonale forskings, -industri- og kapitalaktørar, har desse selskapa fått nettverk, fart, synlegheit og redusert finansiell risiko.

Når produkt blir testa på pasientar med gode resultat, er selskapa ved ein viktig milepæl som kan utløyse store medisinske og forretningsmessige verdiar.

Biotek som vekstmotor

Tidleg innsats i forskingsfasen kan gi stor avkastning seinare, både for selskap og for samfunnet. Den samla marknadsverdien for norske biotekselskaper på Oslo Børs er no over to milliardar kroner (per 10. juni 2025). 

Mange av aktørane har base i Noreg, men samarbeider tett med internasjonale aktørar. Det gjer at norske bedrifter og forskingspartnarane deira får tilgang til dei beste nettverka og globale marknadene, i tillegg til at kompetanse og investeringar kjem heim.

Ope for mange bransjar

Innovasjonsprosjekt i næringslivet er ei støtteordning for bedrifter som vil utvikle nye løysingar gjennom forskingsbasert innovasjon og er open for mange ulike bransjar. 

– Vi ser at vår støtte er  avgjerande for at selskap satsar ambisiøst, saman med andre. Støtta er ofte også utløysande for at kapitalaktørar går inn i tidleg fase. Langsiktig norsk satsing på bioteknologisk forsking gir resultat. Selskapa som lykkast kombinerer fagleg kompetanse, ambisjonar og nettverk med offentleg støtte, seier Fahlvik.

Dette er marknadsverdien til norsk biotek på børs

Dette er verdien av dei norske noterte biotekselskapene som driv klinisk utvikling, frå eit kursmessig augneblikksbilete. Verdiane er oppgitte i norske kroner. Selskapsverdiane varierer mykje.

Selskap Markedsverdi
Nykode Therapeutics 560.353.697
Lytix Biopharma 560.270.547
Zellona 283.178.924
Oncoinvent 185.712.351

Softox Solutions

174.752.525
Exact Therapeutics 170.811.036
Arctic Bioscience 75.263.938
Circio 67.258.403
PCI Biotech 61.588.543
Berenbio 53.158.477
Total verdi norsk biotek  2.192.348.447

Reknestykket er basert på kursen ved opninga av børsen tysdag 10. juni 2025. Kjelde MedWatch.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. juni 2025, kl. 19.36 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.