Ny karakterskala og endringar i relevansvurderinga
I løpet av 2026 legg Forskingsrådet seg tettare på EUs kriterium og karakterskala og gjer endringar i relevansvurderinga.
Forskingsrådet fjernar no dagens relevanskriterium som eigen karakter. Dette betyr at fagekspertane framover skal vurdere både kvaliteten og relevansen til søknadene, medan Forskingsrådets saksbehandlarar skal sjekke søknaden mot krav og føringar i utlysinga. For søkjarar betyr dette at dei ikkje lenger skal levere eit eige vedlegg der dei beskriv relevansen til søknaden for utlysinga, slik det har vore i mange utlysingar fram til no.
– Vi jobbar kontinuerleg med utvikling av ordningane våre og denne endringa er ein del av det heilskaplege arbeidet vårt med vidareutvikling av kriteria for vurderingar av søknader. Det er også fleire søkjarar som har etterlyst endringar i relevansvurderinga, og desse tilbakemeldingane har vi teke med oss i arbeidet, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Innfører seksdelt karakterskala
Forskingsrådet standardiserer no også kriteria søknadene blir vurderte på og innfører kriteria Excellence/Kvalitet, Impact/Effekter og Implementation/Gjennomføring gjennomgåande i alle utlysingar.
Også karakterskalaen blir lagd tettare opp mot EUs forskings- og innovasjonssystem ved å innføre 0–5-skalaen som blir brukt i pilar 2 i Horisont Europa. Vi gjennomfører likevel visse justeringar i korleis karakterane skal operasjonaliserast samanlikna med EU. Formålet med denne endringa er å få ei meir einskapleg forståing av karakterskalaen blant fagekspertane.
Dei nye karakterane er definerte slik:
- Karakter 5: Søknaden svarer på kriteriet på ein framifrå måte. Samanlikna med relevant arbeid, er han blant dei 15 % beste.
- Karakter 4: Søknaden svarer svært godt på kriteriet. Samanlikna med relevant arbeid (tilsvarande forskingsprosjekt), er han blant dei 16–30 % beste.
- Karakter 3: Søknaden svarer godt på kriteriet. Han har nokre manglar, men desse er ikkje til stort hinder for at det foreslåtte prosjektet kan lykkast.
- Karakter 2: Søknaden svarer overordna på kriteriet, men har store manglar som er til hinder for at det foreslåtte prosjektet kan lykkast.
- Karakter 1: Kriteriet er utilstrekkeleg oppfylt.
- Karakter 0: Søknaden oppfyller ikkje kriteriet eller kan ikkje vurderast på grunn av manglande eller ufullstendig informasjon.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2025, kl. 12.35 CET