Full deltaking i Horisont Europa og Konkurranseevnefondet er heilt nødvendig
Forskingsrådet tilrår full norsk tilknyting til EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon og til den nye gigantsatsinga på konkurranseevne.
Styret i Forskingsrådet tilrår at Noreg knyter seg til både EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa 2028–2034, og eit nytt Konkurranseevnefond.
– Norsk assosiering til nytt rammeprogram og heile Konkurranseevnefondet er avgjerande for å sikre Noregs posisjon som ein relevant aktør i europeisk og global forsking, innovasjon og industriutvikling. Konkurranseevnefondet vil også vere eit kraftfullt instrument for å løyse globale samfunnsutfordringar seier styreleiar i Forskingsrådet Gunnar Bovim.
– Med god nasjonal koordinering og eit godt dimensjonert apparat, vil verdien av deltakinga langt overstige kostnadene, seier Bovim.
Kopling mellom forsking, innovasjon og kommersialisering
Det foreslåtte konkurranseevnefondet skal omfatte fleire program, blant dei Horisont Europa. Ved å leggje større vekt på koplinga mellom forsking, innovasjon og kommersialisering, er formålet med konkurranseevnefondet å byggje konkurransekraft i strategisk viktige sektorar for Europa.
Det nye Konkurranseevnefondet og Horisont Europa skal ha like prioriteringar:
- Rein omstilling og industriell avkarbonisering
- Helse, bioteknologi, landbruk og bioøkonomi
- Digitalt leiarskap
- Motstandsevne, tryggleik, forsvarsindustri og rom
Blir nesten dobbelt så stor
Europakommisjonen foreslår å nesten doble budsjettet for det nye Horisont Europa, frå 93,5 milliardar euro for noverande rammeprogram, til 175 milliardar euro. Konkurranseevnefondet får eit foreslått budsjett på 451 milliardar euro, inkludert rammeprogrammet for forsking. Noreg deltek allereie i dei fleste eksisterande EU-program og -initiativ som vil bli vidareførte i Konkurranseevnefondet, men også for dei delane av Konkurranseevnerådet som ligg utanfor Horisont Europa, blir det foreslått kraftig vekst i budsjetta. Det inkluderer mellom anna ei stor satsing på tryggleik, beredskap og forsvarsevne.
Tidleg på banen
Deltaking i Horisont Europa og det nye Konkurranseevnefondet vil krevje store investeringar. For å sikre best mogleg utbytte, tilrår styret derfor at førebuingane startar tidleg. Noreg har blant Europas beste oppfølgingsapparat for Horisont Europa, og det vil vere naturleg at vi byggjer vidare på erfaringane herfrå i eit nytt Konkurranseevnefond.
Styret peikar på at Noreg lykkast best i EU-program når vi har sterke fagmiljø og nasjonale satsingar som samsvarer med prioriteringane til EU. Godt samspel mellom norske strategiar og EU-programma blir derfor avgjerande, derfor er det viktig å starte førebuingane allereie no.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. november 2025, kl. 12.01 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 12. november kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. november og tysdag 11. november kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. november kl. 08.00–13.00.