Banebrytande forskarar får 203 millionar kroner
No får 19 forskingsprosjekt rundt om i Noreg gode nyheiter: Dei får til saman 203 millionar til forsking som skal gje banebrytande ny kunnskap. Alle prosjekta held svært høg vitskapleg kvalitet, og forskarane har sjølve bestemt kva dei vil forske på.
– For å ta Noreg vidare er vi avhengig av forsking som spring ut av nysgjerrigheit og drivkraft hos dei dyktigaste forskarane våre. Prosjekta som får støtte no, er heilt i forskingsfronten innanfor sine felt. Dei aukar kvaliteten og breidda i norsk forsking. Slik bygger vi kunnskap som gjer samfunnet betre rusta for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Dei 112 søknadene som er vurderte i denne søknadsrunden, blei sende inn til Forskningsrådet si ordning for banebrytande forsking, FRIPRO, frå desember 2024 til september 2025. No får 19 av dei finansiering.
– Ved å satse på den aller beste forskinga, blir vi som samfunn betre i stand til å møte nye utfordringar på ein nyskapande og kunnskapsbasert måte. Forskinga som får midlar i dag held topp kvalitet og er ei investering i vår nasjonale kunnskapsberedskap, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Her er nokre av prosjekta som får pengar
Prosjekta er fagleg varierte og omhandlar alt frå språk, demokrati og livskvalitet til kreftbehandling, utviklingsforstyrringar i hjernen, redusert klimaavtrykk frå kjøleskap og kva som skjer når svarte hol blir danna.
Kan genterapi mot artrose hjelpe kroppen til å reparere seg?
Ein erfaren forskar ved Oslo universitetssjukehus får nær 12 millionar kroner for å teste ein ny genterapi mot artrose. Artrose, også kalla slitasjegikt, er ein kronisk leddsjukdom der leddet gradvis blir brote ned. I dag finst det ingen kur mot artrose. Behandlinga kan bremse skadar, dempe heving og hjelpe kroppen til å reparere seg. Seksten personar med artrose skal vere med og prøve behandlinga. Dersom genterapien viser seg å vere effektiv og trygg, kan ho bli eit viktig verktøy for å hjelpe menneske med tidleg artrose og forbetre livskvaliteten.
Påverkar møtet med ulike dialektar evna til barn å lese og forstå tekst?
Ein forskar tidleg i karrieren ved Høgskulen i Volda får 10 mill. kroner for å undersøke barn og unge sine møte med dialektvariasjon i skrift og tale, gjennom spørjeundersøkingar og ved å måle hjerneaktivitet og augerørsler. Målet er å utvikle kunnskap og strategiar som styrker leseopplæringa i eit språkmangfaldig Noreg.
Kan kreftceller triggast til å gje eit signal som aktiverer immunforsvaret vårt?
Ein forskar tidleg i karrieren ved Oslo universitetssjukehus får 10 mill. kroner for å utvikle eit verktøy som kan måle såkalla dobbelttråda RNA i kreftceller. Målet er å avsløre skjulte sårbarheiter i kreftcellene og bane veg for smartare RNA-drivne kreftterapiar.
Korleis har mennesket si forståing av vald endra seg gjennom historia?
Ein forskar tidleg i karrieren ved Universitetet i Agder får 10 mill. kroner for å undersøke korleis krig, konflikt og ekstrem vald blei framstilt i gamle jødiske skrifter. Kva haldningar var knytte til «akseptabel» og «uakseptabel» krigføring? Er det mogleg å lese slike gamle tekstar på deira eigne premissar, ikkje gjennom normer og tankemønster frå vår tid?
Kan vi hindre medfødde hjartefeil og utviklingsforstyrringar i hjernen alt under svangerskapet?
Medfødde hjartefeil og utviklingsforstyrringar i hjernen opptrer ofte saman tidleg i barndomen. Ein forskar tidleg i karrieren ved Helse Bergen HF får 10 mill. kroner for å redigere risikogen i stamcellemodellar og «lese» cellene sine molekylære aktivitetar. Kunnskapen kan gje tidlegare og betre diagnosar, meir treffsikre risikovurderingar – og på sikt målretta tiltak alt i svangerskapet.
Kan elektrisk straum gjennom material redusere klimaavtrykket til kjøleskap?
Ved å la straum gå gjennom eit materiale er det mogleg å frakte bort varme. Problemet er at ingen slike termoelektriske material som finst i dag, er særleg effektive. Forskarar ved Sintef får 12 mill. kroner for å finne ut korleis ein kan framstille material med større evne til å leie bort varme, slik at denne teknologien kan brukast til meir energieffektiv og miljøvennleg kjøling.
Kva meiner folket om politikarar som undergrev lovverket og demokratiet?
I demokratiske land tek vi det som sjølvsagt at lova blir følgd av rettsvesenet og politikarar. Men både i autoritære samfunn og europeiske demokrati skyv enkelte politiske leiarar lova til side for eigne dagsordenar. I kor stor grad har dei folkets støtte når dei gjer dette? Ein forskar ved Universitetet i Oslo får 12 mill. kroner for å ta pulsen på korleis politikarar, domstolar og folk flest i Noreg forstår og verdset rettsstaten. Speglar lova verdiane i samfunnet?
Korleis har fagforeiningar påverka teknologiutvikling og livskvalitet?
Ved å analysere jobbkvalitet over 150 år i Noreg, Sverige, Storbritannia og USA får ein forskar tidleg i karrieren ved Universitetet i Oslo 10 mill. kroner for å undersøkje korleis teknologiske endringar har påverka tryggleik, lønn, sjølvstende og arbeidsvilkår. Korleis har arbeidslivet utvikla seg, og kva gjer ein jobb god?
Korleis brenn atom i supernovaeksplosjonar?
I dette grunnforskingsprosjektet får ein forskar ved Universitetet i Oslo 7 mill. kroner for å studere karbon-karbon- og karbon-oksygen-fusjonsprosessar - altså når to og to atom møtest og blir til eitt. Med større kunnskap om desse fusjonsreaksjonane vil vi få ei betre forståing av supernova-eksplosjonar, kva som skjer inni massive stjerner og korleis nøytronstjerner og svarte hol blir danna.
Om søknadsbehandlinga
112 søknader frå forskarar over heile landet vart vurderte i denne søknadsrunden. Dei vart sendt inn til Forskingsrådets ordning for banebrytande forsking, FRIPRO, i desember 2024 til september 2025. Behandlingstida varierer frå 2-11 månader for søknadene som er behandla no. Variasjonar i behandlingstida kjem mellom anna av ulikt talet på innkomne søknader på kvart enkelt fagområde og ulik tilgang til fagfellar, og at nokre av dei kvalifiserte søknadene har delteke i konkurransen om midlar i fleire rundar, i samsvar med reglane om dette. Neste tildeling er planlagd til veke 50, med annonsering av resultat i veke 51.
Elleve av prosjekta som får finansiering er Forskarprosjekt for erfarne forskarar, sju er Forskarprosjekt for tidleg karriere og eitt er Forskarprosjekt med internasjonal mobilitet. Suksessraten for erfarne forskarar og tidleg karriere i løpet av det siste året er 19 prosent, medan det for internasjonal mobilitet er 29 prosent.
Søkjarar som har fått innvilga eller avslått søknaden sin no, får brev om dette på Mitt nettstad i løpet av ei veke.
Du kan lese meir om løyvingsprinsippa og søknadsbehandlinga i FRIPRO her.
Oversikt over alle prosjekt som får støtte
Forskarprosjekt for erfarne forskarar
|
Hovudorganisasjon |
Prosjektleiar |
Prosjekttittel |
Søkt totalt |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Scharff Smith, Peter |
Rule of Law and the Public Sense of Justice in Norway - International Conventions and National Norms in a Time of Crisis (PublicJustice) |
12000 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Rots, Aike Peter |
Coastal Lives in Flux: Environmental Crisis, Resistance, and Ritual Innovation Across Asia (CLiF) |
12000 |
|
OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF |
Moatshe, Buru Gilbert |
A phase I/II study to investigate if gene therapy can prevent the development of severe osteoarthritis |
11960 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Simonsen, Anne |
Deciphering the crosstalk between autophagy and metabolic rewiring in cancer |
12000 |
|
SINTEF AS |
Løvvik, Ole Martin |
Novel materials for low-temperature thermoelectric cooling (Nomatec) |
12000 |
|
NORCE RESEARCH AS |
Dopffel, Nicole |
Unravelling the microbial diversity within halite |
12000 |
|
UNIVERSITETET I BERGEN |
Borchel, Andreas |
Deciphering Nutrient Uptake Mechanisms in Salmon Louse Oocytes for Gene Editing and Treatment Development |
12000 |
Forskarprosjekt for tidleg karriere
|
Hovudorganisasjon |
Prosjektleder |
Prosjekttittel |
Søkt totalt |
|
UNIVERSITETET I AGDER |
Scales, Joseph |
Analysing violent variations in ancient Jewish narrative |
9792 |
|
OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF |
Lindholm, Håvard Takle |
Discovering vulnerabilities in colorectal cancer by measuring double stranded RNA |
9994 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Popovas, Andrius |
Resolving the Solar Convective Conundrum: |
10000 |
|
HELSE BERGEN HF |
Balafkan, Novin |
Decoding Developmental Convergence: Mapping Genetic Risk Across Neural and Cardiac Lineages |
9999 |
|
UNIVERSITETET I TROMSØ - NORGES ARKTISKE UNIVERSITET |
Butola, Ankit |
Label-free on-chip morpho-molecular tomography for decoding real-time intracellular dynamics of organelles in autophagy |
10000 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Montaldo, Nicola Pietro |
Mitochondria-Initiated Neuronal Defense against Parkinson’s Disease |
10000 |
|
NORCE RESEARCH AS |
Bentsen, Henrik Litleré |
Reforming for efficiency? Examining case processing times in the Norwegian District Courts |
9990 |
|
HØGSKULEN I VOLDA |
Sandstedt, Jade |
Multilectal Individual Differences in Reading: Neurocognitive and Behavioral Effects of Dialect Exposure on Literacy Development |
9957 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Jockwich Martinez, Santiago |
Intensionality and Forcing: A New Model-Theoretic Synthesis |
6937 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Reinar, William |
HotSpot: Stress-induced mutations in evolution |
10000 |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Schneider, Benjamin |
Technological Change, Labor Representation, and Job Quality: A Comparative Historical Analysis, c. 1830–1980 |
10000 |
Forskarprosjekt med internasjonal mobilitet
|
Hovedorganisasjon |
Prosjektleder |
Prosjekttittel |
Søkt totalt |
|
UNIVERSITETET I OSLO |
Paulsen, Wanja |
Advanced Measurements In Carbon-fusion Reactions: Cross-Section Measurements and Branching Ratios |
7399 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. november 2025, kl. 16.33 CET