92 prosjekt bidreg til nyskaping og kommersialisering frå forsking
Så langt i år er det tildelt 45 millionar kroner til 92 kvalifiseringsprosjekt som skal ta i bruk kunnskap for å skape verdiar for samfunn og næringsliv. Nytt i år er at delar av budsjettet til kommersialisering er øyremerkte prosjekt som baserer seg på banebrytande, grunnleggjande forsking, med høg risiko og stor vitskapleg ambisjon.
Kvalifiseringsprosjekt har som mål å bidra til innovative produkt og tenester innan ei rekkje område, som både helse, IKT, media og kultur, energi, utdanning, landbruk og maritim. I prosjekta, som kan få inntil 500 000 kroner i støtte, blir det teke viktige steg på vegen frå forskingsfunn og -resultat til innovasjon for samfunn eller næringsliv.
– Forskingsrådet skal legge til rette for at idear, funn og resultat frå forskingsinstitusjonane kan bli tekne i bruk. Kvalifiseringsprosjekta er ofte første fase i eit lengre løp, og prosjekta skal bidra til avklaringar og til å målrette dei neste stega på vegen mot å skape økonomisk og sosial verdi, seier Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør for innovasjon i Forskingsrådet.
Støtte til kommersialisering av forskingsresultat
I tillegg til kvalifiseringsprosjekta, støttar Forskingsrådet nyskaping og kommersialisering frå forskingsinstitusjonane med TTO-funksjonsstøtte for å styrkje tidlegfasearbeidet til institusjonane, og med verifiseringstøtte for å modne teknologi og redusere teknologirisiko. Målet er å utløyse interesse og finansiering frå næringsliv, investorar, verkemiddelapparatet og EU.
Forskingsrådet både får og støttar fleire prosjekt enn tidlegare år – i helseføretak, universitet, høgskular, forskingsinstitutt, deira TTO-ar og oppstartsselskap frå desse.
Døme på kvalifiseringsprosjekt som byggjer på banebrytande forsking
ChromaSonic: Evolutionary Sound Discovery for Creative Professionals
RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle ved UiO utviklar ved bruk av nye typar algoritmar teknologi for digital produksjon av lyd som har eit breiare og meir unikt lydbilete enn det eksisterande teknologi har. Innovasjonen kan opne for betre lyddesign, til nytte for bransjar som musikk, film, spel, og annan kreativ industri.
Space debris radar
UiT – Noregs arktiske universitet skal utvikle ein radar som kan registrere små partiklar av romsøppel som stammar frå mellom anna satellittar som har gått i oppløysing av ulike grunnar. Partiklane utgjer ein risiko for både astronautar og for satellittar som går i bane rundt jorda.
MINIVOLT: Miniature microscope for voltage imaging
NTNU skal utvikle eit nytt miniatyr-mikroskop som har potensial til å auke forståinga vår av korleis hjernen fungerer. Mikroskopet er nyttig spesielt i studiar av nevrologiske sjukdommar og kognitive forstyrringar. Ved å studere aktivitet i sann-tid i hjernen ved hjelp av mikroskopet, kan det gi viktig kunnskap om å ta avgjerder og om minne, og dessutan sjukdommar som Alzheimers, ALS og Parkinsons.
Sjå meir om utlysinga: Kvalifisering - Kommersialisering frå offentleg finansiert forsking 2025
Resultat 2025: Kvalifisering - Kommersialisering frå offentleg finansiert forsking 2025
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. desember 2025, kl. 15.04 CET