Spør KI-samtaleroboten vår

374 millionar kroner til banebrytande forskarar

Nokre av Noregs beste forskarar får no pengar til nyskapande forsking. Dei skal mellom anna forske på tidlege Alzheimer-teikn, korleis skatt påverkar liva våre og betre prøverøyrsbehandling.

– For å sikre norsk tryggleik, konkurransekraft og velferd må vi utvikle og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga som no får støtte, flyttar grensene for kva vi veit og er med på å bygge verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Slik rustar vi samfunnet for både dagens og morgondagens utfordringar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Skal dyrke fram dristige forskingsidear og verdsleiande miljø

Dei 374 millionane er fordelte på tre utlysingar med ulike føremål. Det er første gong det blir delt ut midlar til toppforskarar og radikale forskingsidéar. Føremålet er å styrke innsatsen på den dristige forskinga basert på forskarane si eiga faglege nysgjerrigheit. Alle fagområde kunne søke: 

Fordelinga: 

  • 160 millionar kroner går til fire toppforskar-prosjekt med mål om å utvikle verdsleiande forskingsmiljø. Kvart prosjekt får 40 millionar kroner og føreset samarbeid mellom to eller fleire leiande forskarar.
  • 16 millionar kroner går til åtte spesielt dristige forskingsidéar gjennomførte av forskarar tidleg i karrieren. Kvart prosjekt får inntil 2 millionar kroner.
  • 198 millionar kroner går til banebrytande forsking av høg kvalitet gjennom ordninga FRIPRO. Til saman 19 prosjekt blir finansierte med 6–12 millionar kroner kvar.

– Den nysgjerrigheitsdrivne og dristige forskinga er heilt sentral for å byggje sterke forskingsmiljø i Noreg og knyte norske forskarar til den internasjonale forskingsfronten. Ved å prioritere kvalitet og dristige forskingsidéar, styrkjer vi evna til å omstille og vidareutvikle samfunnet, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Her er nokre av prosjekta som får pengar

Prosjekta er fagleg varierte og handlar om alt frå Alzheimer og kreft til skatt og maktkamp i arbeidslivet. Sjå komplett liste over prosjekta lenger ned i saka.

Kan vi føreseie Alzheimer før symptoma oppstår?

Alzheimers sjukdom er ei av vår tids største helseutfordringar. Sjukdomen startar lenge før symptoma dukkar opp, ofte fleire tiår tidlegare. Forskarar ved Universitetet i Oslo får 40 millionar kroner for å gå «tilbake i tid» og analysere blodprøver frå folk i 40- og 50-åra for å finne arvelege stoffskiftemarkørar som kan varsle risiko. Ved å kombinere slike tidlege spor med hjerneskanning, genetikk og maskinlæring, utviklar forskarane ein personleg «Alzheimers-avatar» som kan føreseie når sjukdomen kan oppstå for kvart individ. Dette kan opne døra for førebyggjande behandling – og kanskje utsetje eller hindre sjukdomsstart for framtidige generasjonar.

Korleis formar skattesystemet liva våre?

Skatt påverkar korleis vi jobbar, investerer og fordeler verdiar i samfunnet. Forskarar ved NMBU får 40 millionar kroner til å finne ut korleis skatteunndraging skjer, kva det betyr for økonomien, og korleis vi kan lage smartare og meir rettferdige reglar. Prosjektet kombinerer stordata, juridisk ekspertise og feltforsøk i verkelege situasjonar. Målet er å avsløre triksa som kostar milliardar, og gje styresmaktene verktøy for betre handheving og enklare reglar. Prosjektet skal byggje eit nytt senter for skatterett og rekruttere unge forskarar, slik at kunnskapen varer. Slik vil forskarane endre korleis vi tenkjer om skatt – for eit meir rettferdig og effektivt system.

Spindelvev på steroid: Korleis rot og røyr kan gi supermateriale

Forskarar ved NTNU har henta inspirasjon frå naturens eigne «kaotiske» spindelvever, og får 2 millionar kroner til å avsløre korleis tilfeldige mønster gir nettverk som toler meir og fordeler energi effektivt. Med ein kombinasjon av avanserte datasimuleringar, kunstig intelligens og eksperiment på 3D-printa modellar, skal forskarane jakte på dei hemmelege geometriske triksa bak det robuste designet til naturen. Målet er å utvikle designprinsipp som lèt oss lage superlette og skadetolerante materiale, klare for framtidas industrielle utfordringar.

Bedre prøverørsbehandling

Én av seks opplever problemer med å få barn. Prøverørsbehandling hjelper mange, men mislykkes fortsatt ofte. En ung forsker ved Universitetet i Oslo får nå 10 millioner kroner for å undersøke om et molekyl som finnes naturlig i alle levende celler, NAD+, kan bidra til mer skånsomme og effektive prøverørsbehandlinger. Nyere forskning viser at molekylet ikke bare styrer cellenes energi, men også spiller en rolle i RNA-regulering. Ved å studere hvordan NAD+ kobler seg på RNA og påvirker utviklingen av embryoer, håper forskerne å bedre embryoets kvalitet og øke sjansen for vellykkede graviditeter.

Maktkamp i arbeidslivet – meir enn løn og jobb

Forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar handlar ikkje berre om løn og stillingar. Det har betydning for helse, tryggleik og til og med kriminalitetsnivået i samfunnet. Når arbeidsgivarar får for mykje makt, kan det gje dårlegare arbeidsvilkår, svekt psykisk og fysisk helse og auka risiko for sosial uro. Forskarar ved Norges handelshøyskole får 12 millionar kroner til å utvikle eit nytt rammeverk som viser korleis maktbalansen i arbeidsmarknaden påverkar alt frå organisasjonskultur til ulikskap – og korleis smartare politikk kan byggje eit meir robust samfunn. Med unike norske data og banebrytande metodar gjev forskarane innsikt som kan endre både forskinga og politikken.

Smarte immunceller mot kreft

Kreftimmunterapi verkar ofte dårleg mot solide svulstar fordi svulstmiljøet sender «bremsesignal» som skrur av immuncellene. No får ein forskar tidleg i karrieren ved Oslo universitetssjukehus 2 millionar kroner for å utvikle «smarte» immunceller som kan finne fram til eit bestemt vev, kjenne att faresignal lokalt og deretter omprogrammere naboceller slik at immunsystemet blir aktivert igjen.

Russisk populærmusikk i eksil

Korleis kan musikk bli ei stemme for protest i krigstid? Ein forskar ved Universitetet i Bergen får 5,6 millionar kroner til å undersøkja korleis musikken til russiske musikarar i eksil får nye politiske betydningar og blir brukte som i protest mot krig etter invasjonen av Ukraina. Gjennom feltarbeid i europeiske byar og analysar av digitale plattformer og musikkproduksjonar kartlegg prosjektet infrastrukturen som støttar denne musikken og korleis eksil blir uttrykt kulturelt. Målet er å forstå samanhengen mellom musikk, makt og motstand – og korleis kunst kan utfordra sensur og skapa håp om sosial endring.

Korleis bevegar vatn, flytande forureining eller CO₂ seg under bakken?

Straumdrag og transport i porøse medium er avgjerande for ei rekkje miljømessige, geologiske og teknologiske bruksmåtar. I årevis har forskarar studert slike prosessar ved hjelp av 2D-modellar, som ikkje alltid gir eit godt bilete av kva som skjer i naturen. No får forskarar frå Universitetet i Oslo 2 millionar kroner for å studera slike prosessar ved hjelp av 3D-modellar. Slik håpar dei å kunna gi betre forståing og dermed meir presise prediksjonar korleis straumdrag og transport under bakken går føre seg.

Om søknadsbehandlinga

130 søknader frå forskarar over heile landet vart vurderte i denne søknadsrunden. Fire av prosjekta som får finansiering er toppforskarar, åtte er radikale forskingsidear i tidleg karriere, åtte er Forskerprosjekt for erfarne forskarar, ti er Forskerprosjekt for tidleg karriere og eitt er Treårig forskarprosjekt med internasjonal mobilitet. 

Søknadene som no er ferdig behandla, vart sendt inn i perioden frå desember 2024 til oktober 2025. Behandlingstida varierer frå 2-12 månader for søknadene som er behandla no. Variasjonar i behandlingstida kjem mellom anna av ulikt talet på innkomne søknader på kvart enkelt fagområde, ulik tilgang til fagfellar og kor mange tildelingsrundar kvar enkelt søknad har delteke i. Søknadene med meir enn ni månaders behandlingstid, har delteke i konkurransen om midlar i fleire rundar. Alle søknader til FRIPRO sendt inn i februar 2025 eller tidlegare er ferdigbehandla. Neste tildeling frå FRIPRO er planlagd til veke 10 i 2026.

Søkjarar som har fått innvilga eller avslått søknaden sin no, får brev om dette på Mitt nettstad før jul.

Du kan lese meir om løyvingsprinsippa og søknadsbehandlinga på FRIPROS informasjonsside.

Oversikt over alle prosjekta som får støtte

Institusjon

Prosjektleiar

Prosjekttittel

Sum (i antall tusen)

Toppforskere:

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet NTNU

Moe Skjølsvold, Tomas

Feasibility: The socio-political & techno-economic craft of enabling twin transitions

40 000

Universitetet i Oslo

Djurovic, Srdjan

Multimodal metabolic markers for mechanisms and predictive trajectories of Alzheimer's disease

40 000

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Alstadsæter, Annette

Building new foundations for Public Economics and Law

40 000

Universitetet i Bergen

Ytre-Hauge, Kristian

BioPrecise Protons: Advancing physical and biological precision to enhance efficacy and reduce toxicity in proton therapy

40 000

Radikale forskningsidéer i tidlig karriere:

Universitetet i Oslo

Raud, Liisa

From Sleep to Steps: Linking Sleep and Motor Control in Infant Development

2 000

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet NTNU

Haugland, Johanne

Into the wild: A geometric model for almost gentle algebras

2 000

Norce Research AS

Mayers, Kyle

REPUTATION: Reconstruction of past virus and phytoplankton interactions using sedimentary ancient DNA

2 000

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet NTNU

Gao, Chao

A bioinspired strategy for energy dissipation via controlled random topologies

2 000

Oslo universitetssykehus HF

Torralba-Raga, Lamberto

ECHO: Epigenetic Cellular Hack for Oncotherapy - Engineering CAR-NK Cells to Reprogram Tumor Macrophages via Targeted dCas9 Exosomes

2 000

Universitetet i Oslo

Reis, Paula

SCAL3D - Exploring Scaling Laws for Drainage in 3D Porous Media

2 000

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet NTNU

Genovese, Guglielmo

Measuring glutamate distribution in cellular and sub-cellular compartments with non-invasive imaging

2 000

Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet

Söllinger, Andrea

Winter-is-coming – But do soil microorganisms know and prepare accordingly?

2 000

Forskerprosjekt for erfarne forskere (FRIPRO):

Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet

Ghosh, Abhik

Porphyrin Analogues as Advanced Near-Infrared Dyes: Theory, Synthesis, and Applications

12 000

Universitetet i Oslo

Asphaug, Erik

GIANTS: Giant Impact Accretion of Terrestrial Systems

11 999

Universitetet i Oslo

Holm, Martin Blomhoff

Housing, Wealth, and Fertility in High-income Societies

11 999

Norges handelshøyskole

Bütikofer, Aline

Pollution and Health Inequalities: New Perspectives on Long-Term Distributional Consequences of Environmental Policies

11 999

Norges handelshøyskole

Løken, Katrine Vellesen

Labor Market Power, Institutional Structures, and Social Consequences

12 000

Diakonhjemmet sykehus AS

Bakke, Laura Anne Wortinger

PlacLANG: Linking placental function and language development for early prediction of schizophrenia

11 902

Universitetet i Oslo

Sekulic, Nikolina

Decoding cod centromeres

12 000

Universitetet i Oslo

Malmberg, Karl-Johan

DESIGNK. Designing a synthetic killer based on a natural template

12 000

Forskerprosjekt for tidlig karriere (FRIPRO):

SINTEF AS

Masoudi, Mohammad

Multiphysics of salt precipitation during CO2 storage

10 000

Universitetet i Oslo

Galloway, Mathew

OpenHFI: End-to-end Bayesian analysis of Planck HFI

10 000

Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet

Kampffmeyer, Michael

MERGE: Multimodal Medical Artificial Intelligence

9 998

Universitetet i Oslo

Proietti, Valerio

Dynamics: Noncommutativity, Groupoids, Homotopy theory (DyNGH)

6 013

Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet

Frohlich, Christopher

Forecasting Antibiotic Resistance by Understanding the Evolution of Resistance Enzymes

10 000

Universitetet i Oslo

Rodgers, Samuel

CancER-phagy: Unravelling and targeting ER-phagy in cancer

10 000

Universitetet i Oslo

Wohlwend, Martin

Identification and targeting of noncoding RNA domains in metabolic disease

10 000

Universitetet i Oslo

Li, Yanjiao

Metabolism-Epitranscriptome Crosstalk: Novel Regulation in Embryo Development

10 000

Universitetet i Oslo

Jourdain, Eve

From Individual Behavioral Plasticity to Population Resilience: Killer Whale Adaptation under Environmental Change

10 000

Universitetet i Oslo

Camara, Guilherme Schmidt

GROOVE: Mapping, Modeling, and Perceiving the Combinatorics of Groove-Based Rhythms

10 000

Treårig Forskerprosjekt med internasjonal mobilitet (FRIPRO):

Universitetet i Bergen

Yangeldina, Dinara

To kill an empire? Russian musical exile in times of war

5 609

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. desember 2025, kl. 15.33 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }