Spør KI-samtaleroboten vår

193 millionar kroner til forsking for å styrkje utdanningssektoren.

Forskingsrådet støttar no 17 forskingsprosjekt for politikkutforming, forvaltning og praksisfelt innan utdanning, læring og kompetanseutvikling. Prosjekta vil bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for utdanningspolitikk og praksisfelt, og gi verdifulle innspel til korleis utdanning kan tilpassast behovet til samfunnet og individet.

Kunnskapsdepartementet har øyremerkt 25 millionar kroner til forsking for og om høgare yrkesfagleg utdanning og/eller fag- og yrkesopplæring.

– Fagskulane vil vere svært viktige for å lykkast med den grøne og digitale omstillinga, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. Eg er veldig glad for at desse prosjekta no får støtte, dei vil gi oss viktig kunnskap om kvalitet i fag- og yrkesopplæringa og høgare yrkesfagleg utdanning, seier Sundli Tveit. 

Forskingstemaa er varierte og spenner frå medisin og fysikk til historie og samfunn. Prosjekta dekkjer eit breitt spekter av fagområde og utdanningsnivå, og vil bidra med ny innsikt i alt frå digitalisering og KI i klasserommet til lesing og skriving, utdanningsval, helse og kompetanseutvikling. 

– Gratulerer til alle prosjekta som no får støtte. Forskarane skal mellom anna sjå på korleis kjønnsforskjellar i utdanningsval påverkar arbeidsmarknadsmoglegheiter og korleis skuleval og ulike utdanningsspor påverkar faglege prestasjonar og utdanningsmotivasjon, seier Sundli Tveit.

Forskingsrådet fekk over 150 søknader frå institusjonar over heile landet til forsking for og om utdanningssektoren, både frå erfarne forskarar og forskarar tidleg i karrieren og frå forskarmiljø ved lærarutdanninga. 

Sjå komplett liste over prosjekta nedst på sida 

Kort om prosjekta som no får støtte

Forsking for ei kunnskapsbasert utvikling av fag- og yrkesopplæringa og høgare yrkesfagleg utdanning

Eit av prosjekta vil undersøkje korleis nettundervisning kan styrkje og demokratisere tilgangen til høgare yrkesfagleg utdanning, og derigjennom forbetre moglegheiter for kvar enkelt til å ta utdanning og bidra til ein kompetent arbeidsstyrke over heile landet. Eit anna prosjekt VOSEAMS vil, med Klimahuset i Oslo som case, undersøkje korleis museum kan støtte undervisning og læring om berekraftig utvikling for yrkesfagelevar. 

Framtidas framifrå fagmiljø

Tre forskarar på eit tidleg stadium i karrieren får midlar til å forfølgje eigne idear og leie eit forskingsprosjekt innan utdanningsfeltet. Søknadene heldt eit skyhøgt nivå og tre prosjekt slo gjennom med toppkarakterar. Prosjekta bidreg med forsking som er viktig for at alle skal kunne delta fullt ut i samfunnet. Det omfattar mellom anna korleis sosial bakgrunn påverkar akademiske jobbmoglegheiter og forsking om innovativ norskopplæring for innvandrarar. Eit av prosjekta som får støtte er BRAIGED som vil utvikle ein smart KI-assistent for medisinsk utdanning der målet er å hjelpe medisinstudentar og helsepersonell med å forstå og samarbeide med kunstig intelligens i kliniske situasjonar. Verktøyet skal bidra til tryggare og meir sjølvsikre studentar. Prosjektet skal utforske korleis AI kan brukast i simuleringar og læring, og bidra til ein meir ansvarleg bruk av teknologi i helsevesenet. 

Styrking av forskarkompetanse i lærarutdanningane 

Seks lærarutdanningar får midlar til forsking som styrkjer forskarkompetansen ved lærarutdanninga og styrkjer strategisk viktige forskingsområde som møter faktiske og framtidige kompetansebehov.  

Prosjekta tek for seg ulike, men komplementære utfordringar i skulen. Mellom anna skal dei forske på emosjonelle erfaringar i uventa undervisningssituasjonar, digital myndiggjering av elevar, og bruk av observasjonsverktøy for å forbetre undervisningspraksis. Samla vil prosjekta bidra til å utvikle ny kunnskap og praksis som styrkjer den profesjonelle kompetansen til lærarane og deltaking frå elevar i eit digitalt og mangfaldig samfunn.

Eit av prosjekta som får støtte er PREP ved Universitetet i Søraust-Noreg, som undersøkjer korleis emosjonar påverkar avgjerder til lærarar og lærarstudentar i uventa undervisningssituasjonar. Gjennom ein ny metodologi for kroppsleg kognitivt medvit (ECAM), skal prosjektet utvikle verktøy for å forstå og handtere emosjonelle erfaringar i undervisninga. Målet er å redusere emosjonelt stress blant lærarar og bidra til at nyutdanna lærarar blir verande i yrket.

Prosjektlista

Organisasjon

Prosjekttittel

Søkt beløp

Fylke/kommune

 

UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

Preparing for the unforeseen - developing teachers' and student teachers' practical knowledge through researching emotional experiences

12 000 000

Telemark/ Porsgrunn

 

OSLOMET – STORBYUNIVERSITETET

EMPOWERED’s primary objective is to develop innovative evidence-based practices, methods, and tools that foster digital empowerment in schools and teacher education

12 000 000

Oslo/ Oslo

 

UNIVERSITETET I OSLO

Observation Tools to Support Excellence and Responsiveness in Teaching

11 790 000

Oslo/ Oslo

 

HØGSKOLEN I ØSTFOLD

Knowledge Integration in Teacher Education through Simulation

11 937 000

Østfold/ Halden

 

NORGES IDRETTSHØGSKOLE

Co-developing an Evidence-Based Framework for Equity, Diversity and Inclusion in Physical Education Teacher Education

12 000 000

Oslo/ Oslo

 

NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET

Enhancing Mathematics Teacher Education in Norway: Assessing the Present, Shaping the Future

12 000 000

Trøndelag/ Trondheim

 

USN HANDELSHØYSKOLEN

BRAIGED: Building Responsible AI for Global Education – Towards Explainable AI for Chronic Kidney Disease Diagnosis Utilizing Scintigraphy

9 119 000

Vestfold/Borre

 

Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Academic Careers: Examining the Significance of Socio-Economic Background

10 000 000

Oslo/ Oslo

 

Norsk regnesentral

IncluEdS: Keystroke-Based Language Proficiency Profiling for Inclusive Education and Society

9 684 000

Oslo/ Oslo

 

Forskningsavdelingen SSB

Match effects and matchmaking in education

8995

Oslo/ Oslo

Lesesenteret

Deep study reading in digitised classrooms: identifying factors affecting sustained focus, persistence, and stress

12000

Vestlandet/ Stavanger

FAFO

Skills Enhancement on the Move: Digital Pathways in Higher Vocational Education

12000

Oslo/ Oslo

Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, Universitetet i Oslo

Vocational-Oriented Sustainability Education Across Museums and School (VOSEAMS)

11880

Oslo/ Oslo

Institute for Social Research

Gender segregated educational choices, skill gaps and early career opportunities

12000

Oslo/ Oslo

Folkehelse instituttet

Tracking health-related underachievement in the first two decades of life (THRIVE)

12000

Oslo/ Oslo

NTNU Samfunns- forskning As

EduGAP: Grading, Assessment and Pathways

11998

Trøndelag/ Trondheim

Lesesenteret

Can an enriched AI-chatbot strengthen writer identities in primary-school classrooms?

12000

Vestlandet/ Stavanger

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2025, kl. 00.38 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.