Skal forske på tillit til forsking

Nordmenns tillit til forsking på fornybar energi og på klimaendringar går ned. På sikt kan det utfordre tilliten mellom samfunn og forsking, og no skal eit nytt prosjekt forske på tillit til forsking.   

bilde av mange studenter som jobber

Tal frå Forskingsrådets siste måling av nordmenns haldningar til forsking, viser at tilliten til forsking generelt held eit jamt høgt nivå samanlikna med tidlegare målingar. Åtte av ti seier dei har ganske, eller svært stor, tillit til forsking sett under eitt. Samtidig ser vi at tilliten til fleire forskingsfelt er på sitt lågaste nivå sidan vi starta å måle tilliten til forsking i 2019.   

Auke i mistilliten til forsking over tid   

Over tid viser målingane våre at andelen som uttrykkjer mistillit til forsking på fornybar energi, har stige frå seks prosent i 2019 til 15 prosent i 2024.  Befolkninga sin mistillit til forsking på klimaendringar har gått frå 11 prosent i 2019 til 19 prosent i 2024.   

Over tid er det også ein signifikant reduksjon i andelen som har stor eller svært stor tillit til forsking på fornybar energi og klimaendringar. Her følgjer tilliten ein langsiktig nedovergåande trend sidan målingane starta i 2019, frå 67 prosent som seier dei har stor eller svært stor tillit i 2019, til 52 prosent som seier det same i februar 2024. For klimaforsking har andelen som uttrykkjer stor eller svært stor tillit vore stabilt på om lag 60 prosent sidan målingane starta, men i det siste året har dette gått ned til rundt 55 prosent.   

Vi skal få meir kunnskap om tilliten mellom samfunnet og forskinga  

Forskingsrådet har no sett i gang eit forskingsprosjekt som skal forske på nett tillitten til forsking. Formålet med dette prosjektet er å forstå kva det er som skaper tillit mellom samfunnet og forskinga, og kva utfordringar vi står overfor.   

– Når vi kan sjå tilløp til langsiktige endringar i tilliten mellom samfunn og forsking, må vi også forstå kva oppfatningar av, og sider ved, forsking som blir vektlagd når folk uttrykkjer tillit eller mistillit, seier Signe Bock Segaard frå Institutt for samfunnsforsking (ISF).  

– Meir kunnskap om tillit til forsking – sett i ein norsk samanheng – vil setje oss betre i stand til å forstå møtet mellom forsking og samfunn og dermed vere nyttig for forskingsformidling og bruk av forskingsresultat, understrekar ho.  

Våren 2024 har ISF sett i gang eit treårig forskingsprosjekt som skal analysere data frå undersøkingane og bidra til å vidareutvikle metodar for å måle folks haldningar, oppfatningar og tillit til forsking.    

– Norsk forsking på tillit har primært vore oppteken av mellommenneskeleg tillit og dessutan tillit til politiske og administrative institusjonar og aktørar. Tillit til forsking har fått mindre merksemd. Prosjektet skal få fram ny kunnskap om haldningane og tilliten befolkninga har til forsking, avsluttar Bock Segaard.    

Forskingsrådet har sidan 2019 samarbeidd med Verian (tidlegare Kantar) om å måle ulike dimensjonar ved nordmenns haldningar til forsking. Undersøkingane blir gjennomførte tre gonger om året.   

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. juni 2024, kl. 01.00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.