Spør KI-samtaleroboten vår

Nytt oppdrag om tungrekning til forsking, forvaltning og kunstig intelligens

Kunnskapsdepartementet (KD) har gitt Forskingsrådet i oppdrag å lage ei konseptvalutgreiing (KVU) om framtidig behov for tungreknekraft til forsking, offentleg forvaltning og kunstig intelligens. Utgreiinga skal vere ferdig innan 15. januar 2025.

Regjeringa ønskjer ei oversikt over kor mykje reknekraft Noreg treng dei kommande åra. Utgreiinga skal òg vurdere korleis ein eventuell nasjonal infrastruktur for tungrekning kan organiserast og finansierast. Dette er viktig for å styrkje både forskinga, samfunnstryggleiken og konkurranseevna til Noreg.   
    
 – Eg er veldig glad for at vi har fått dette viktige oppdraget, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.  

Forskingsrådet leverte før sommaren ein rapport med tilråding om å investere minst 2,6 milliardar kroner i tungreknekraft for forsking og kunstig intelligens over dei neste fem åra. Investering i tungrekning vil ha mykje å seie for mellom anna norsk konkurransekraft, kapasitet, kvalitet og samfunnstryggleik i forsking.  

– Om vi held investeringane i tungreknekraft på dagens nivå, vil gapet mellom behov og kapasitet auke, og derfor er det svært positivt at regjeringa no startar dette viktige arbeidet, seier Sundli Tveit.    

Sidan investeringssummen er over 1 mrd. kroner, er det krav om utgreiing i samsvar med Statens prosjektmodell. Det vil seie at det må gjennomførast ei konseptvalutgreiing (KVU) om det framtidige behovet for tungreknekraft for forsking, offentleg forvaltning og kunstig intelligens.   

–  Vi vil bruke og supplere den innsikta vi innhenta i rapporten i vår, og samarbeide med aktuelle aktørar for å svare på dei nye spørsmåla som ligg i konseptvalutgreiinga, seier områdedirektør Benedicte Løseth.   

Kva skal utgreiinga svare på?    

  • Behov: Kor stort er behovet for tungrekning til forsking, forvaltning og kunstig intelligens samanlikna med dagens kapasitet? 
  • Investering: Korleis bør ein eventuell nasjonal infrastruktur etablerast? Skal dette skje gjennom nasjonale anskaffingar, samarbeid med EU eller andre, eller ein kombinasjon? 
  • Organisering: Kven skal skaffe, drifte og forvalte infrastrukturen? 
  • Finansiering: Korleis kan infrastrukturen finansierast? Moglege modellar inkluderer offentleg-privat samarbeid eller brukarbetaling. 
  • Betydning: Kva rolle spelar tungrekning for nasjonal kontroll, tryggleik, personvern og ivaretaking av språkmodellar for norsk og samisk?

Utredningsoppdrag: Behov for tungregnekraft for forskning, offentlig 
forvaltning og kunstig intelligens (pdf) 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 17.56 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.