Norsk-brasiliansk forskingssamarbeid innanfor petroleum og milljøvennlig energi
Fem prosjekt får støtte frå Forskingsrådet og det brasilianske forskingsrådet for innovasjon, Finep. Blant dei støtta prosjekta er det eit som skal utvikle flytande solcelle-modular og eit som skal utvikle meir realistiske modellar for bølgjevarsling viktige både innanfor petroleums- og fornybarsektoren.
Vi har heilt sidan 2013 hatt eit bilateralt forskingssamarbeid innanfor petroleum med Brasil. Målet er å stimulere norske bedrifter til å samarbeide med brasilianske bedrifter om å løyse kunnskaps- og teknologibehov i sektoren.
Sjølv om Noreg og Brasil er to svært ulike land, så har begge stor aktivitet innanfor petroleum med mange samanfallande problemstillingar, i tillegg til at miljøvennleg energi utgjer ein vesentleg del av energiforsyninga i begge land.
Samarbeidet har resultert i ei rekkje fellesutlysingar mellom Forskingsrådet og det brasilianske innovasjonsforskingsrådet Finep. I år har vi hatt den fjerde utlysinga i rekkja: Denne gongen inkluderte samarbeidet også tema innanfor miljøvennleg energi, med mellom anna vindkraft, solenergi og hydrogenbasert energiberarar.
Flytande solceller og bølgjevarsling får støtte
Fellesutlysinga er lagt opp slik at den norske søkjarbedrifta må samarbeide med minst éi brasiliansk bedrift. I tillegg kan også andre norske bedrifter og forskingsorganisasjonar delta. Den norske bedrifta søkjer Forskingsrådet om støtte, medan den brasilianske partnaren søkjer Finep. Søknadene blir vurderte separat i kvart land og må oppnå gode faglege vurderingar i begge land for å kunne bli innvilga, noko som legg til rette for prosjekt av høg kvalitet.
Ei av bedriftene som har fått støtte er Ocean Sun AS, med prosjektet «Floating Photovoltaics on Membranes: Development of new fixation design and new materials engineering». Selskapet produserer flytande solcelle-modular som er festa på ein tynn, fleksibel membran. Dette gjer at dei skal tole vêr- og vindforhold både offshore og på innsjøar. Brasil har her eit stort potensial som mogleg marknad ettersom landet har svært mange store vassreservoar til vasskraft der det kan vere aktuelt å installere flytande sol.
4subsea AS har fått støtte til eit spennande prosjekt med tittel: «Bridging Oceans – Advancing wave fôrecasting and vessel motion predictions». Dette prosjektet skal utvikle avanserte verktøy til avgjerdsstøtte i planlegging og gjennomføring av spesielt vêrsensitive operasjonar offshore, innanfor både petroleums- og fornybarsektoren. Dette skal dei gjere ved å ta i bruk meir realistiske modellar for bølgjevarsling og korleis båtane bevegar seg i bølgjene. Målet er å kunne redusere dødtid, der ein må vente på betre vêrforhold, noko som både vil spare kostnader og utslepp.
I utlysinga i år så fekk følgjande fem nye prosjekt støtte, med totalt 13,2 millionar kroner på norsk side og eit tilsvarande beløp på brasiliansk side:
Prosjekttittel |
Norsk søkjarbedrift |
Brasiliansk partnar |
WellAware: Real-Time Well Monitoring & Integrity Management Application |
SOLUTION SEEKER AS |
C&I Serviços de Consultoria e Treinamento Ltda – QUARTIC |
Bridging Oceans - Advancing wave forecasting and vessel motion predictions |
4SUBSEA AS |
Vortex Mundus |
Floating Photovoltaics on Membranes: Development of new fixation design and new materials engineering |
OCEAN SUN AS |
SENAI CETIQT |
Developing a control system for a fully automated CML system using a physical base model, AI & Digital Twin technologies in real-time |
DIGIWELLDATA AS |
Simworx Pesquisa e Desenvolvimento de Programas de Computador Ltda |
Innovation and Sustainability in Power Generation: Implementing APICE Technology in GenSets for the Oil & Gas Industry |
DOF AS |
HILTEC CONSULTORIA |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 17.50 CET