Evalueringskomité foreslår tiltak for å styrkje naturvitskapleg forsking i Noreg
Ein internasjonal komité av vitskaplege ekspertar har vurdert naturvitskapleg forsking i Noreg. Rapporten viser at forskingsmiljøa innanfor geovitskap er sterke, forsking på fysikk har akseptabel kvalitet medan forsking på kjemi i Noreg er lite tilfredsstillande.
– Noreg og verda står overfor store samfunnsutfordringar. For å løyse desse treng vi sterke naturvitskaplege forskingsmiljø. Denne tilstandsrapporten vil vere eit godt kunnskapsgrunnlag for Forskingsrådets arbeid med fagutvikling.
– Evalueringsrapportar gir heilt nødvending innsikt til bruk både i utvikling av verkemidla våre og i rådgivinga vår til departementa, seier Benedicte Løseth, områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for forskingssystemet og internasjonalisering.
Komiteen tilrår følgjande tiltak for å styrkje forskinga innan desse faga.
- utvikle ein nasjonal plan for å støtte utviklinga av (og kvalitetsforbetring i) norsk kjemi
- redusere uvissa kring forskingsfinansiering, samtidig som konkurransen innanfor ekstern finansiering blir halden oppe
- gi insentiv for å møte nye behov, og handtere svakheiter i styring, strategiutvikling og menneskeleg ressursforvaltning, slik at norsk naturvitskap og industri ikkje kjem på etterskot
- leggje til rette for betre likestilling, gjennom tiltak som oppmuntrar kvinner til karriere innanfor naturvitskap
- setje i verk forsking og tiltak for å forstå og ta tak i spørsmål som gjeld ulemper kvinner har når det gjeld publisering og grad av mangfald i det norske naturvitskaplege forskingsmiljøet
Rapporten frå ekspertane byggjer på panelevalueringar av 115 forskargrupper, og evaluering av 28 tilhøyrande administrative einingar ved universitet/høgskular og forskingsinstitutt.
I denne evalueringa er naturvitskap avgrensa til kjemi, fysikk og geofag. Forskningsrådet lanserte ein eigen evaluering av biovitskap 14. mars.
Her er fleire konklusjonar frå rapporten:
- Naturvitskap i Noreg er viktige i seg sjølv fordi forskinga hjelper oss med å betre forstå dei naturlege omgivnadene våre. Geovitskapane, fysikk og kjemi har vore viktige for å mogleggjere mykje av den industrielle utviklinga i Noreg og underbyggjer måten Noreg taklar utfordringar som klimaendringar, det grøne skiftet og strategiske materiale. Faga gir store industrielle og vitskaplege moglegheiter. Men for å utnytte potensialet framover må forskingssystemet vere fleksibelt nok til å kunne takle nye utfordringar.
- Forbetring på tvers av naturvitskapane krev investeringar i sterke og veksande fagområde av høg kvalitet og gjennomtenkte avgjerder om kvar ein skal konsolidere seg utan å setje kjernekompetansen i fare.
- Det er behov for ei omfattande systemtilnærming til strategi og finansiering, spesielt innanfor kjemi. Rigide styrings- og budsjettmekanismar (spesielt ved universiteta) bidreg til å hindre nødvendige endringar. Det vil også vere viktig å utvikle meir robuste forskings- og organisasjonsstrategiar, betre utnytting av menneskelege ressursar, og insentiv for endringar.
- Medan naturvitskapane i hovudsak er godt finansierte og det er eit godt nivå på institusjonell finansiering ved universiteta, er mange organisasjonar sterkt avhengig av eksterne forskingsmidlar. Nylege finansieringskutt ser ut til å ha undergrave tilliten til forskarane, og har skapt eit hinder for langsiktig planlegging. Låg suksessrate i finansieringa av forskarinitierte prosjekt skaper også uvisse.
- Talet på forskarar innanfor norsk naturvitskap har vakse, spesielt innanfor geovitskap og utviklingsfelt innanfor fysikk og kjemi, men ein generasjon professorar nærmar seg pensjonsalderen, utan at det er klare planar for nyrekruttering. Det er behov for ei systematisk tilnærming for å støtte doktorgradsstudentar og tidleg -karriereforskarar for å bli framtidige forskingsleiarar.
- Dei administrative einingane er forplikta til ansvarleg forsking og innovasjon med open tilgang til forskingsresultat. Dei fleste forskarar har ein høg del av publikasjonane sine med open tilgang.
- Nasjonal forskingsinfrastruktur er generelt av høg kvalitet. Dei støttar opp under moglegheitene norske forskararar har for internasjonalt samarbeid, og for at Noreg skal ha god tilgang på internasjonal infrastruktur. Det er likevel behov for å komplettere nasjonal infrastrukturstrategi med betre samordning av infrastrukturbruk. Norske forskarar innanfor naturvitskap samarbeider godt, både nasjonalt og internasjonalt, men deltaking i internasjonale program, inkludert EUs rammeprogram, kan gjerne auke ytterlegare. Mange forskargrupper held oppe nære relasjonar med industrien, men det er mindre utoverretta verksemd mot innbyggjarane, som er eit stadig viktigare publikum i ei tid med "alternative fakta" og behov for å endre livsstil for å takle klimaendringane.
- Ulikskapen mellom kjønna minkar sakte, men kvinner publiserer mindre enn menn. Betydninga av breiare mangfald (t.d. etnisk og kulturelt mangfald) er undervurdert og krev meir merksemd.
Om fagevalueringar
Forskingsrådet har sidan slutten av 1990-talet gjennomført fagevalueringar av norsk forsking.
Hovudmålet med denne fagevalueringa er å vurdere kvaliteten på forskinga, rammevilkåra og relevansen på forskinga for sentrale samfunnsområde.
Evalueringa er utført av internasjonale ekspertar på tre nivå: evaluering av forskargrupper, evaluering av administrative einingar og ei evaluering av biovitskapleg forsking på nasjonalt nivå.
På det nasjonale nivået er komiteen invitert til å gi tilrådingar til forskingsorganisasjonane, Forskingsrådet og departementa.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 04.08 CET