Tidenes norske ERC-resultat

I dag blir ERC Synergy grant for 2023 gjort offentleg. Seks norske forskarar får finansiering, med ei samla tildeling på 22,2 millionar euro. Forskarane er tilsette ved UiT Norges arktiske universitet, NTNU og Universitetet i Oslo og Norce.

– Dette er fantastiske resultat. Norske forskarar hevdar seg svært godt i den tøffe internasjonale konkurransen. Internasjonalt samarbeid og brei deltaking i dei europeiske forskings- og innovasjonsarenaene er ein føresetnad for at vi kan hevde oss som ein kunnskapsnasjon og lykkast med omstillinga av samfunnet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.  

Dette er den sjuande Synergy grant -utlysinga i historia til ERC. I eit 'synergy grant' er det 2-4 forskarar, såkalla Principal Investigators, som går saman om å løyse eit spørsmål som dei ikkje kunne løyst utan felles kompetanse. Seks norske forskarar får finansiering, i fem ulike prosjekt. Universitetet i Oslo får eitt prosjekt, NTNU to prosjekt, UiT Norges arktiske universitet eitt prosjekt, og eitt prosjekt går til UiT Norges arktiske universitet saman med Norce.  

– Dette er utruleg bra og tidenes norske ERC resultat! Her samarbeider forskarane på tvers av landegrenser, og løyser store utfordringar som berre kan løysast gjennom samarbeid, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. 

Totalt er det 37 prosjekt med til saman 135 Principal Investigators som får tilbod om finansiering. Samla budsjett for prosjekta er på 395 millionar euro.

Kort om prosjekta

Sjå liste over alle prosjekta som fekk støtte frå ERC Synergy grant ( pdf hos eerc.europa.eu)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. oktober 2024, kl. 15.11 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.