Informasjon om næringsretta utlysingar i 2024

Forskingsrådet følgjer opp innspel frå næringslivet med meir dynamikk frå august 2024. Det betyr at du som søkjar kan sende inn søknaden når det passar for innovasjonsprosjektet og bedrifta. Vi vil også i 2024 leggje ut ei ny utlysing for Senter for forskningsdriven innovasjon (SFI) for framtidsretta samarbeid mellom næringsliv og FoU-institusjonar.

Forskingsrådet følgjer opp innspel frå næringslivet med meir dynamikk frå august 2024. Det betyr at du som søkjar kan sende inn søknaden når det passar for innovasjonsprosjektet og bedrifta. Vi vil i 2024 også leggje ut ei ny utlysing for Senter for forskningsdriven innovasjon (SFI) for framtidsretta samarbeid mellom næringsliv og FoU-institusjonar.

I 2024 vil Forskingsrådet lyse ut omtrent 1 milliard kroner til FoU-aktive bedrifter i form av søknadstypen innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN).

– Overgangen frå ein årleg fast søknadsfrist til eit meir løpande tilbod vil gjere det meir attraktivt og enklare for det FoU-aktive næringslivet. Eit meir fleksibelt tilbod frå vår side vil betre spegle dynamikken og tidskritiske løp hos bedriftene, seier områdedirektør i Forskingsrådet Anne Kjersti Fahlvik.

Det vil vere mogleg å sende inn søknader frå medio august 2024 og det vil bli to eller tre tildelingsrundar i haust for brorparten av ordningane som lyser ut innovasjonsmidlar.

Det blir også utlysing av Senter for forskningsdriven innovasjon (SFI) i 2024 der vi lyser ut midlar til minimum åtte senter gjennom ein to-trinns søknadsprosess. Søknadsfristen for trinn 1 blir 18. september og utlysingsteksten blir publisert i april 2024. SFI skal styrkje innovasjonsevna i næringslivet gjennom forskingssamarbeid med FoU-institusjonane for å adressere dei langsiktige behova og utfordringane i næringslivet. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. april 2024, kl. 17:04 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.