Stor interesse i mange kommunar for å løyse helseutfordringar

Vi fekk 101 søknader om forskingsmidlar til samarbeidsprosjekt innanfor helse til fristen 15. februar 2023.

Person som måler helsedata, med mobil
Temaet for utlysinga var "Forsking for berekraftig førebygging, behandling og tenester i kommunane". (Foto: Anne Valeur)

– Talet på søknader er som forventa, men eg er spesielt glad for at heile 92 kommunar har inngått avtale om formalisert samarbeid i ein eller fleire av søknadene, seier Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør for Innovasjon i næringsliv og offentleg sektor i Forskingsrådet.  

Temaet for utlysinga var "Forsking for berekraftig førebygging, behandling og tenester i kommunane".  

– Det er viktig at kommunesektoren deltek i forskingsprosjekt fordi berekraftig og god helse blir skapt og blir halden oppe i eit samspel mellom mange aktørar. Vi hadde derfor krav i utlysinga om formalisert samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og andre aktørar, seier Fahlvik.  

Kommunar over heile landet deltek i helsesøknadene. Heile 66 prosent av befolkninga bur i ein av dei 92 kommunane som deltek i søknadene. Oslo, Bergen, Bodø, Trondheim og Drammen er med i mange søknader, og også ei rekkje mindre kommunar deltek.  

Bilde som viser talet på søknader kvar kommune deltek i som samarbeidspartnar
Oversikt over talet på søknader kvar kommune deltek i som samarbeidspartnar. Kartdata frå FHI.

Stadig fleire kommunar deltek 

I 2020 fekk vi 99 søknader til ei liknande helseutlysing. Då deltok 60 kommunar som partnarar. Sjølv om talet på søknader er nær likt er det ein auke på over 50 prosent i talet på kommunar som deltek som partnarar no isamanlikna med 2020. 

Tema i utlysinga i 2023 

Søknadene speglar dei mange utfordringane med betydning for helse som kommunane står i. Mange av søknadene er relevante for både berekraftig førebygging, behandling og tenester, og dei handlar om utfordringar som kan gi eller gir stor sjukdomsbyrde som til dømes mental helse, eldre/demens med meir. Digitalisering er også sentralt i mange søknader.  

Forskinga skal vere praksisnær og få fram kunnskap om korleis tiltak kan setjast i verk og kva føresetnader som må vere til stades for at tiltaka får ønskt effekt. Prosjekta må vere forankra i kommunale kunnskapsbehov og tenester, og dei bør ha overføringsverdi til heile kommunesektoren. 

Vi søknadsbehandlar no dei 101 søknadene før porteføljestyret vedtek kva som skal få løyving. Dette blir publisert i slutten av juni 2023.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. oktober 2024, kl. 22.48 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.