Nye tal: Fallande trend i bruken av SkatteFUNN

Bruken av SkatteFUNN hos norsk næringsliv har gått ned kvart år sidan 2017, og den nedgåande trenden held fram for 2022. Det viser ny statistikk frå SSB. 

I 2022 hadde ca. 5500 føretak aktive prosjekt med finansiering frå SkatteFUNN. Budsjetterte frådrag summerte seg til 4,6 mrd. kroner. Dei reelle FoU-kostnadane som gir grunnlag for det faktiske skattefrådraget for 2022 er anslått til 3,4 mrd. kroner.   
  
Nye tal frå SSB viser ca. 10 prosent nedgang i totalt budsjettert frådrag samanlikna med 2021. Dette er den største nedgangen sidan SkatteFUNN vart etablert. For 2022 fekk vi ein tydeleg nedgang i talet på søknader til SkatteFUNN, noko som også førte til reduksjon i budsjetterte frådrag.  
  
Årsakene er samansette, men vi går ut frå at pandemien har ført til forseinkingar i pågåande prosjekt og at FoU-arbeid har vorte nedprioritert i ein periode der svært mange bedrifter har stor aktivitet. I tillegg har bedriftene hatt auka tilgang på andre offentlege støtteordningar.   
 
SkatteFUNN-statistikken som vart publisert av SSB i veke 44 var ikkje rett. Budsjettert skattefrådrag for 2022 vart oppgitt å vere «rekordhøgt» og på 6,7 mrd. kroner, medan det korrekte beløpet er 4,6 mrd. 2022-nivået er lågare enn dei seks tidlegare åra, og estimatet for 2023 viser ein ytterlegare nedgang.   
  
Les om den oppdaterte statikken frå SSB (ssb.no) 

Om ordninga  

SkatteFUNN gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekt. Ordninga blir administrert av Forskningsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Bedrifter kan få frådrag for 19 prosent av FoU-kostnadane til førehandsgodkjende prosjekt gjennom skatteoppgjeret. Frådragsgrunnlaget kan maksimalt vere 25 millionar kroner per bedrift, per år.  
  
Målet med ordninga er å motivere næringslivet til å auke satsinga på FoU ved å utvikle nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar. Prosjekta skal skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter, eller nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på nye måtar eller område. FoU-prosjekta må vere målretta og avgrensa. Det må også vere mogleg å skilje prosjektet frå den vanlege drifta og verksemda i bedrifta.

Sjå www.skatteFUNN.no for meir informasjon om ordninga

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. mai 2024, kl. 06:05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.