Endrar ordlyden i utlysing

Forskingsrådet justerte tidlegare i år innretninga på kravet til stipend for utanlandsopphald for doktorgrads- og postdoktorstipendiatar i samband med innføring av plan for rekruttering til forsking og tidleg karriere.

Benedicte Løseth, Områdedirektør - forskingssystemet og internasjonalisering, Forskingsrådet. 

Intensjonen vår er å styrkje tilknytinga til Noreg, slik at forskartalent frå norske institusjonar får internasjonal erfaring og inngår i internasjonale nettverk.

Khrono hadde 31. oktober eit oppslag som viser at enkelte konsekvensar av denne endringa ikkje er i tråd med intensjonen.

Endringa, slik ho er formulert no, gir ein utilsikta konsekvens for dei som har ei sterk tilknyting til Noreg utan å ha mastergrad eller doktorgrad frå ein norsk institusjon, noko som var tilfelle for seniorforskar Anwesha Dutta ved Chr. Michelsens Institutt.  

Forskingsrådet ønskjer derfor raskt å korrigere dette ved å endre ordlyden i utlysinga til at det er "krav om mastergrad eller doktorgrad frå ein norsk forskingsorganisasjon eller bustad eller arbeid i Noreg i minst 12 månader dei siste sju åra".

Formålet er framleis at utanlandsstipendet er meint for utgåande internasjonal mobilitet frå norske forskingsinstitusjonar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. mai 2024, kl. 08:06 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.