76 millionar til utvikling av meir effektive tenester i offentleg sektor

Forskingsrådet har tildelt 76 millionar til innovasjonsprosjekt som skal bidra til å utvikle meir effektive tenester i offentleg sektor. Pengane fordeler seg på helse og velferdssektoren, i tillegg til innovasjonsprosjekt i kommune, fylke eller stat.

Midlane skal gå til prosjekt der kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder samarbeider med forskingsmiljø om forskingsbasert kunnskap i innovasjonsarbeidet sitt for å løyse utfordringar i offentleg sektor.

Eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor skal bidra til å innovere tenester, infrastruktur og forvaltning på ein berekraftig, systematisk og effektiv måte. Prosjekta blir leidde av offentlege aktørar og blir gjennomførte i samarbeid med forskarar. Målet er at samarbeidet mellom forskarar og offentleg sektor skal løfte kvaliteten på innovasjon i offentleg sektor, auke tilfredsheita blant tilsette og heve kompetansen til alle involverte.

– Offentleg sektor handterer komplekse oppgåver med høge krav til kvalitet, fornying og effektivitet. Desse innovasjonsprosjekta tek utgangspunkt i behov og utfordringar, og siktar seg inn mot løysingar gjennom spennande samarbeid mellom offentleg sektor og forskarar. På den måten blir gode løysingar skalerte opp og spreidde, seier administrerande i Forskingsrådet direktør Mari Sundli Tveit.

Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor er ei ordning som har blitt utvikla sidan 2010, og det er i dag over 150 innovasjonsprosjekt i offentleg sektor som er i gang. Forskingsrådet fekk samla inn 75 søknader og i denne utlysingsrunden er det ti prosjekt som får tildeling, sju innovasjonsprosjekt og tre såkalla førkommersielle anskaffingar i offentleg sektor.

 41 millionar til innovasjonsprosjekt i kommunale og fylkeskommunale verksemder og førkommersielle anskaffingar i offentleg sektor

Tildelingane går til prosjekt som bidreg til innovasjon i kommunar eller fylkeskommunar. Prosjekta skal føre til innovasjonar i kommunale tenester, infrastruktur og/eller forvaltning. I tillegg er det løyvd midlar til såkalla førkommersielle anskaffingar.

Førkommersielle anskaffingar-utlysinga er open for alle sektorar og tenesteområde i både stat og kommune. Førkommersielle anskaffingar er ein variant av innovative offentlege innkjøp og formålet er å bidra til meir etterspørselsdriven innovasjon som svarar på utfordringane til offentleg sektor og gir næringslivet høve til å utnytte det marknadspotensialet som ligg i desse utfordringane. Målet med eit slikt prosjekt er å gjere utvikling og kjøp av betre produkt og tenester mogleg – i tillegg til å få til næringsvekst.

– Gjennom innovasjonsprosjekta løyser vi konkrete utfordringar i offentleg sektor ved å flytte forskinga nær der det daglege arbeidet skjer. Då bidreg prosjekta til å gjere forsking anvendeleg – og relevant – for mellom anna kommunar og fylke, seier forskingsminister Ola Borten Moe i ein kommentar.

Det kom inn totalt 52 søknader. 28 av desse vart vurderte som relevante for utlysinga. Det vart løyvd støtte til tre innovasjonsprosjekt og to førkommersielle anskaffingar. Tildelingane er finansierte med midlar frå Kunnskapsdepartementet (KD).

Innovasjonsprosjekt i offentlig sektor

 

Prosjektnavn

Tildelt

ASKER KOMMUNE

Læring i algoritmenes tidsalder (LAT) – En innovasjon for didaktisk bruk av kunstig intelligens.

7 mill

TRONDHEIM KOMMUNE

"Resipientorientert analyse for å redusere urban vannforurensning – et analyse- og beslutningsstøtteverktøy"

7 mill

KRISTIANSAND KOMMUNE

KartAi - demokratisk, pålitelig og fullstendig eiendomsdata

7 mill

Førkommersielle anskaffingar

 

Prosjektnavn

Tildelt

STATSFORVALTERENS FELLESTJENESTER

Fangstinnretning for pukkellaks med automatisk sorteringssystem

10 mill

IVAR IKS

Sortering og Materialgjenvinning av finstoff fra sorteringsanlegg for restavfall

10 mill

35 millionar til innovasjonsprosjekt som skal løyse utfordringar i helse-, omsorgs- og velferdstenestene

Tildelingane går til prosjekt der målet er innovasjon som bidreg til tenester som utnyttar ressursane godt, leverer høg kvalitet, gir høg brukartilfredsheit og som er robuste og framtidsretta.

Prosjekta skal komme med løysingar på konkrete utfordringar i helse-, omsorgs- og velferdstenestene. Kvar av desse tenestene er aktivt med i heile innovasjonsprosessen saman med forskarane.

Prosjekta skal føre til berekraftige kommunale helse-, omsorgs- og velferdstenester, digitalisering i arbeids- og velferdstenestene, og/eller løysingar på utfordringar som går på tvers av forvaltningsnivå, sektorar og tenesteområde. For å finne smarte løysingar med høg kvalitet er det behov for kontinuerleg satsing på innovasjon og forsking.

Det kom inn totalt 23 søknader og 70 prosent av desse var frå kommunesektoren. Det vart løyvd støtte til fem prosjekt. Tildelingane er finansierte med midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

 

Prosjektnavn

Tildelt

BERGEN KOMMUNE HELSEVERNENHETEN

PM+: evidensbasert intervensjon for problemløsning for flyktninger (PEIL-FORSK)

7 mill

ST. OLAVS HOSPITAL HF

Standardisering av samhandling for ungdom og voksne med langvarig utmattelse av ukjent årsak og CFS/ME på tvers av offentlige sektorer

7 mill

KRISTIANSAND KOMMUNE

Inkluderingspartnerskap

7 mill

VESTVÅGØY KOMMUNE

Riktig legemiddelbruk hos personer med utviklingshemming - det gjelder livet

7 mill

ÅLESUND KOMMUNE

Økt inkludering av personer i utenforskap. Utprøving av VR som muliggjørende teknologi. VRINK prosjektet

7 mill

 

Pressekontakt

Thomas Evensen

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 05:13 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.