106 millionar til kunnskap og forskingskompetanse i petroleum

Forskingsrådet tildeler 106 millionar til 8 prosjekt som skal bidra til å utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse for berekraftig utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel.

Foto: TechnipFMC - Deep Purple

– Europa og verda treng meir energi, og Noreg er ein viktig energileverandør. Desse prosjekta skal bidra til å utvikle ny kunnskap så vi kan produsere og levere energi på ein sikker, trygg og miljøvennleg måte, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Sjå liste over prosjekta nedst i saka.

Midlane går til forskingsmiljø som samarbeider med næringslivet. Prosjekta skal blant anna redusere klimagassutslepp på norsk sokkel, gi betre kunnskap om undergrunnen og gi betre tryggleik.

Ny merksemd på energitryggleik

Krigen i Ukraina har skapt ei ny merksemd på energitryggleik. Noreg har auka leveransane sine av olje og gass for å vareta energitryggleik i Europa. Det er spesielt røyrgass som har ei viktig rolle i denne samanhengen. Det er fleire søknader som ser på ulike tryggingsmessige aspekt for petroleumsproduksjonen i lys av den nye situasjonen som har oppstått

– Noreg har verdsleiande miljø innan forsking på petroleumsteknologi. Desse prosjekta skal byggje vidare på kompetansen vi har, og kan få mykje å seie for Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Prosjekta som no får støtte kan vere med å kutte utslepp frå norsk petroleumsnæring, bidra til omstilling og styrke konkurranseevna til næringa i framtida.

– Skal vi nå klimamåla er det avgjerande at forskingsmiljø og næringslivet jobbar tett saman for å utvikle ny kunnskap. Noreg har stor kompetanse innan petroleumsteknologi, og desse prosjekta kan bidra til å gjere petroleumsproduksjon sikrare og med mindre utslepp, seier administrerande direktør for Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Redusere utslepp og sikre kritisk infrastruktur

I eit av prosjekta skal SINTEF Ocean samarbeide med fleire operatørselskap for å utvikle teknologiar som skal bidra til å redusere utslepp frå supplyskip. I eit anna prosjekt skal IFE (Institutt for energiteknikk) undersøkje korleis fluid bevegar seg i nærleiken av oljebrønnar og kartleggje lekkasjar frå utette brønnar. Det er nesten 7000 brønnar på den norske sokkelen, som i åra framover må pluggast permanent når produksjonen etter kvart tek slutt. Målet er å kunne predikere framtidige lekkasjar og utvikle retningslinjer for korleis brønnane best mogleg kan pluggast.

Eit anna prosjekt, leia av NTNU Samfunnsforskning, skal utforske grensesnittet mellom "tryggingskultur" i tradisjonell og industriell forstand, og "tryggleik" i betydninga risiko med utspring i politiske, militære, cyber og hybride truslar.

NTNU leiar også eit prosjekt for å sikre kritisk infrastruktur og produksjon, og dessutan effektivt å handtere risiko i petroleumsindustrien som foregår over enorme avstandar, og vanskeleg tilgjengelege område, farvatn og havdjup. Prosjektet skal utvikle teknologiske løysingar for sjølvstyrte, automatiserte system og robotar som skal kunne operere både sjølvstendig og saman i operasjonar med sikte på å overvake, varsle og hindre uønskte hendingar.

Søknadsvurderinga

Det kom inn 16 søknader som var relevant for utlysinga, som til saman søkte om 226 millionar kroner. Desse søknadene har så vorte vurderte av 22 internasjonale fagekspertar som har gitt si tilråding basert på den vitskaplege kvaliteten til prosjekta.

Prosjekt

Prosjekteigar

Innstilt beløp (i tusen kroner)

Kommune

Microstructure-informed Hydrogen embrittlement life prediction of Nickel-based alloys (Helife)

NTNU

8038

Trondheim

Towards sustainable zero-emission offshore logistics

SINTEF OCEAN

9600

Trondheim

Hybrid modelling with machine learning for overpressure and mud weight prediction

SINTEF AS

15786

Trondheim

New geopolitics and the interaction between safety and security in petroleum risk governance

NTNU SAMFUNNSFORSKNING AS

16000

Trondheim

Understanding Fluid Migration Processes at Offshore Well Sites | WELLFATE

IFE

16000

Lillestrøm

Intelligent autonomous systems for safeguarding operations and infrastructure at sea

NTNU

12800

Trondheim

DISTINGUISH: Decisions Support using Neural Networks to predict Geological Uncertainties when geosteering

NORCE

16000

Bergen

Context-Based Real-Time OT-IT Systems Integrity Management

NTNU

12000

Gjøvik

Pressekontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. juni 2024, kl. 16.22 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.