Årsrapport
Årsrapporten er den formelle rapporteringa vår til departementa om forskinga vi har løyvd midlar til i året som har gått. Rapporten inneheld oversikt over korleis forskingsmidlane er fordelte og brukt, og du finn resultat og melding frå Styret.
Årsrapporten for 2021
Dei samla investeringane våre i forsking og innovasjon i 2021 var på 11,9 milliardar. Dette er det høgaste aktivitetsnivået vi har hatt nokon gong. Det er ein markant auke i innsatsen mot områda i langtidsplanen som bidreg til auka forsking og innovasjon i næringslivet. Det er også ein stor auke på dei områda som fremjar grøn omstilling.