
Webinar om fellesutlysing for maritim forsking mellom Noreg og Singapore
- Passer for:
Institutt- og UoH-sektoren
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vurderer du å søkje fellesutlysinga mellom Noreg og Singapore innan maritim forsking? På dette webinaret går vi gjennom krava og retningslinjene for utlysinga. Webinaret passar for potensielle søkjarar ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt.
Utlysinga gjeld Green Shipping og skal støtte forskingssamarbeid mellom norske og singaporske forskingsmiljø. Prosjekta skal ha eit tydeleg forskingsinnhald og vere relevante for næringslivet. Prosjekt som bidreg direkte til å redusere klimagassutslepp frå maritim transport, har høgast prioritet.
Kva kan prosjekta handle om?
Utlysinga prioriterer forsking innan:
- alternative drivstoff og energiinfrastruktur, med vekt på tryggleik, bunkring, elektrifisering og landstraum
- energieffektivisering og utsleppsreduksjon gjennom betre fartøydesign, energistyring og digitale modellar
- digitalisering, autonomi og grøne skipsfartskorridorar, mellom anna meir effektiv segling, hamneanløp og datadeling i transportkjeda
Søknader som møte éi eller fleire av dei beskrivne forskingsutfordringane, vil bli prioritert. Andre utfordringar innan Green Shipping kan også vere aktuelle.
Finansiering og deltaking
Noregs forskingsråd har sett av 20 millionar norske kroner til norske partnarar. Singapore Maritime Institute (SMI) har sett av 2,7 millionar singaporske dollar til partnarar i Singapore.
Berre forskingsorganisasjonar frå Noreg og Singapore som er registrerte som samarbeidspartnarar, kan få støtte. Andre internasjonale forskingsgrupper kan delta med eiga finansiering, men ikkje som samarbeidspartnarar. Aktivitetane og kostnadene deira skal omtalast i prosjektbeskrivinga, men haldast utanfor budsjettabellane.
Bedriftspartnarar blir oppmoda til å delta, men må dekkje eigne kostnader.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 13. november 2026, kl. 12.21 CET
Viktig varsel
Vi opplever for tiden driftsforstyrrelser som følge av problemer hos Microsoft. Dette påvirker særlig e-postutsending fra søknadssystemene våre. E-poster kan derfor bli forsinket og bli stående i kø en periode før de blir sendt.
Vi jobber med å følge opp situasjonen og beklager ulempene dette medfører.