Oransj grafisk dubinsform
Seminar/møte

Tidlegfase-forum: Nyskaping og kommersialisering av forskingsresultat

Hvor:

Auditoriet Moser, Forskingsrådet, Drammensveien 288, Oslo

Passer for:

Universitet, høgskular, forskingsinstitutt, helseføretak, teknologioverføringskontor, politikarar og myndigheiter

Påmeldingsfrist:

29. oktober kl. 12.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Korleis kan Noreg bli betre til å omsetje forsking og kunnskap til innovasjon, nye verksemder og auka verdiskaping?

Behovet for å styrkje konkurransekraft og produktivitet står høgt på dagsordenen i Europa. Både Draghi-rapporten og den norske oppfølginga peikar på innovasjon, teknologiutvikling og raskare bruk av forsking som avgjerande for framtidig vekst og omstilling.

På Tidlegfase-forum 2026 samlar vi representantar frå politiske miljø, innovasjonsaktørar i akademia, verkemiddelapparatet og gründer- og investormiljø. Vi diskuterer korleis Noreg kan styrkje konkurransekrafta gjennom raskare kommersialisering av forskingsresultat, meir forsking i bruk og fleire forskingsbaserte vekstbedrifter.

Vi får perspektiv frå norske og internasjonale aktørar, og diskuterer kva som skal til for å styrkje heile kjeda frå forsking til marknad.

Tema for diskusjonen:

  • Korleis kan Noreg få meir verdiskaping frå offentlege investeringar i forsking?
  • Kva hindrar forskingsbasert innovasjon i å skalere raskare?
  • Korleis kan vi styrkje samspelet mellom forskingsmiljø, kapital og næringsliv?
  • Kva rolle bør verkemiddelapparatet spele for å få fleire forskingsbaserte vekstbedrifter?
  • Kva kan vi lære av utviklinga i Europa og våre nordiske naboland?


Arrangementet er fysisk, men med moglegheit for å kunne delta digitalt.

 

Program

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. november 2026, kl. 14.28 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.