Spør KI-samtaleroboten vår
Bildet viser utsnitt av en soldat med det norske falgget på skulderen mens han holder et automatvåpen.
Søkerwebinar

Spørjetime: utlysingar i porteføljen for forsvarsevne, tryggleik og beredskap

Passer for:

Forskingssektoren, offentleg sektor, sivilsamfunn og næringsliv

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Ønskjer du å søkje, eller bli med i ein søknad, til ei av desse utlysingane?

I dette webinaret svarer vi på spørsmål om desse utlysingane. Vi tilrår at du les utlysingstekstane nøye før du er med på webinaret.

Du kan også sjå ein informasjonsvideo om senter for forsvarsevne, tryggleik og beredskap: Senterutlysing for forsvarsevne, tryggleik og beredskap

Vi ønskjer deg velkommen!

Meld inn spørsmål før webinaret

Du kan gjerne leggje inn spørsmål i møtechatten før webinaret. Sånn gjer du det:

Finn fram e-posten du har fått då du melde deg på (påmeldingsstadfesting). I e-posten finn du lenka  der det står “Slik blir du med”. Klikkar du på den, får du opp strøymesida med chat-funksjon til høgre. Du må registrere deg med namn i chatten før du kan leggje inn spørsmål.

Dersom du deler spørsmål med oss seinast ein dag før webinaret, gir du oss tid til å førebu svaret. Spørsmåla vil vere synlege berre for oss som modererer chatten.

Du vil også kunne leggje inn spørsmål i chatten under webinaret.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. september 2026, kl. 20.54 CEST

Vakttelefon til søknadsfrist

Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00  måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.

Varslet nedetid Min side (nytt system)

I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.