Vindmøller og vannkraft i norsk natur
Søkerwebinar

Søkerwebinar om nye utlysninger innen miljøvennlig energi i 2027

Passer for:

Forskingsorganisasjonar, næringsliv, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.

Påmeldingsfrist:

4. desember kl. 11.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Vil du vite meir om kommande utlysingar innan miljøvennleg energi? I dette webinaret presenterer vi dei aktuelle utlysingane og svarer på spørsmål. 

I 2027 vil det bli lyst ut om lag 675 millionar kroner. Mesteparten av midlane blir samla i den nye, store fellesutlysinga Auka konkurransekraft innan energiomstilling, -tryggleik og energirelaterte sirkulære løysingar. Utlysinga vil vere open for søknader frå både næringsliv og forskingsorganisasjonar.

Målet med utlysinga er å styrkje næringsrelevant forsking og utvikling som bidreg til:

  • nye lågutsleppsløysingar
  • auka produksjon av fornybar energi
  • redusert energi- og ressursbruk

Forskinga skal samtidig ta omsyn til energitryggleik, natur og miljø. Prosjekta skal utvikle kunnskap, løysingar og teknologi som kan gi grunnlag for nye eller betre produkt, tenester og prosessar og styrkje konkurransekrafta til norske bedrifter. Utlysinga skal også bidra til meir privat investering i forsking og utvikling og styrkje samarbeidet mellom bedrifter og forskingsorganisasjonar. Det kan også vere aktuelt med samarbeid mellom sivil og militær sektor.

Webinaret startar med ein presentasjon av utlysinga. Deretter opnar vi for spørsmål. Presentasjonen blir lagd ut på denne sida i etterkant.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. november 2026, kl. 16.30 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.