
SkatteFUNN-webinar om endringar frå 2027
- Passer for:
Søkjarar til SkatteFUNN-ordninga
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Velkommen til webinar om SkatteFUNN
Regjeringa har foreslått endringar i SkatteFUNN-ordninga frå 2027. Forslaga er ein del av statsbudsjettet, og det blir først klart mot slutten av året om dei blir vedtekne.
I dette webinaret presenterer vi kort forslaga og kva dei kan bety for søknadsprosessen om dei blir vedtekne. Du kan også stille spørsmål.
Fram mot 2027 vil vi gi fortløpande informasjon om relevante avklaringar, mellom anna i nyheitsbrev.
Send gjerne inn spørsmål på forhånd. Når du har fått påmeldingsstadfestinga, kan du sende inn spørsmål i chatten. Klikk på lenka «Slik blir du med» og opne webinarsida. Der finn du chatten til høgre. Skriv inn namnet ditt. Du kan stille spørsmål både før og under webinaret.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. november 2026, kl. 12.14 CET
Vakttelefon til søknadsfrist
Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.
Viktig informasjon
I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.