Beige bilde med abstrakt form
Seminar/møte

Ny strategisk industripolitikk i møte med Kina 2.0-sjokket

Hvor:

Næringslivets Hus, Middelthunsgate 27, 0368 Oslo

Passer for:

Industri, forskarar

Påmeldingsfrist:

9. oktober kl. 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Frukostmøte i Næringslivets Hus i regi av Norsk Industri, LO og Prosess21. Det vil vere mogleg å følgje frukostmøtet digitalt.

Kinas raske framvekst innan høgteknologisk industri blir ofte omtalt som eit Kina 2.0-sjokk for USA og Europa. Som svar utviklar både EU og USA ein meir aktiv og strategisk industripolitikk der teknologi, råvarer, energi, handel og tryggingspolitikk i aukande grad blir voven saman.

På dette frukostmøtet diskuterer vi kva konsekvensar dette får for norsk industri. Kva rammer vil gjelde for eksport, investeringar og industrielt samarbeid i åra som kjem? Korleis bør Noreg posisjonere seg i ei verd der geopolitikk i større grad formar nærings- og industripolitikken? Og korleis kan vi samtidig vareta både konkurransekraft og klimaambisjonar?

Program

Professor Øystein Tunsjø, Forsvarets høgskole, er innleiar.

Deretter følgjer kommentarar og samtale med Harald Solberg (administrerande direktør i Norsk Industri), Are Tomasgard (andre nestleiar i LO), Håvard Moe (tidlegare leiar av styringsgruppa i Prosess21 og CEO i Rare Earths Norway) og Lars Petter Maltby (direktør i Prosess21).

Dr. Stina Torjesen (Universitetet i Agder) leier samtalen.

Meld deg på her: Ny strategisk industripolitikk i møte med Kina 2.0-sjokket

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. oktober 2026, kl. 08.00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.