Spør KI-samtaleroboten vår
Gravemaskiner for utgraving av mineraler
Seminar/møte

Nettverksmøte: Landbaserte mineralprosjekt, kan vi skunde oss riktig?

Hvor:

Drammensveien 288, Lysaker

Passer for:

Forskingsinstitusjonar, bedrifter, etatar og andre miljø

Påmeldingsfrist:

27. oktober kl. 23.59

Om arrangementet

Det hastar med framgang for norske mineralprosjekt og i Europa treng vi tilgang på eigne kjelder til kritiske råvarer. Dei usikre og lange tidslinjene forhindrar at nødvendig privat kapital sørgjer for nødvendig framgang.

Vi må skunde oss, men vi må skunde oss riktig. Riktige grep, både tekniske og politiske, må vere funderte på god kunnskap og relevant forsking. Korleis kan vi forske fort nok, riktig nok og samansett nok? Parallelt må vi inkludere både teknologi, geologi, natur og miljø og folk og samfunn for å sikre at vi «skundar oss riktig» og bidreg til lokal verdiskaping på ein berekraftig måte.

Forskingsrådet inviterer til nettverksmøte for å gjere opp status om vegen framover for den forskinga norske mineralprosjekt treng.

Nettverksmøtet er relevant for samfunnsforskarar og klima og miljø-forskarar (finans, jus, lokaldemokrati, arealbruk, urbefolkning) i tillegg til miljø, forskarar, institusjonar, bedrifter og etatar innanfor geologi og teknologi.

Program

09.00–09.55 | Vi serverer enkel minglefrukost og kaffi


10.00–11.00 | Sesjon 1: Dei store linjene

  • Velkommen, Anne Kjersti Fahlvik, Forskingsrådet
  • Regjeringa sine ambisjonar for norske mineraler, Representant frå Regjeringa (tbc)
  • Kritiske mineral i ein ny geopolitisk verkelegheit, Kåre Dahl Martinsen, Forsvarets høgskole
  • Frå erkjenning til investering: Kva skal til for å utløyse kapital til kritiske mineralprosjekt?, Thina Saltvedt, Nordea
  • Kritiske og strategiske råmateriale i Noreg – posisjonar og potensiale, Lars Petter Maltby, Prosess21

11.00–11.45 | Sesjon 2: Det hastar, men korleis skal vi gå fram?

  • Ressursar skaper ikkje velstand eller konfliktar, men ressursforvaltning kan gjere det, Sigurd Heiberg, Petronavit A.S
  • Korleis kan forsking bidra til raskare, betre og meir berekraftig ressursutnytting?, Kari Moen, The Quartz Corp
  • Status EU-partnerskapet Raw Materials for the Green and Digital Transition, RAMP, Ninad Bondre, Vinnova

11.45–12.45 | Minglelunsj

12.45–13.15 | Panelsamtale

  • Det hastar, men korleis får vi opp tempoet på rett måte? Samtale mellom representantar frå næringsliv, finans, styresmakter og miljøorganisasjonar, Håvard Moe i REN, Maria Lauritzen i Dir.Min., Martine Mørk i ZERO m.fl. 

13.15–14.00 | Sesjon 3: Natur, urfolk og tillit til forsking

  • Samiske perspektiv, sjølvråderett og legitime beslutningsprosesser, Torvald Falck, UiT Noregs arktiske universitet
  • Kva skal til for at forsking får truverd og gjennomslag?, Jo Saglie, Institutt for samfunnsforsking
  • Korleis kan mineralnæringa utviklast innanfor tolegrensene til naturen?, Martin Sveinssønn Melvær, Bellona

14.00–14.25 | Minglekaffe


14.25–15.10 | Sesjon 4: Forsking som betyr noko

  • Korleis kan samfunnsforsking bidra til betre mineralprosjekt?, Anna Sveinsdóttir, Ruralis
  • MiMaC: Forskningsinfrastruktur for framtidens mineralverdikjede, Ida Westermann, NTNU
  • Meir enn teknologi: Kvifor forsking også må redusere kommersiell risiko, Federica Mudu, K.A. Rasmussen
  • Nye moglegheiter gjennom europeiske forskningssamarbeid, Marco Brönner, Noregs geologiske undersøking

15.10–15.55 | Sesjon 5: Finansieringsmoglegheiter i Forskingsrådet, Norden og Europa

  • Korte presentasjonar av aktuelle finansierings- og samarbeidsmoglegheiter

16.00 | Slutt

Det kan komme endringer i programmet

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. oktober 2026, kl. 08.37 CEST

Viktig informasjon

Min side (nytt søknadsystem) er nå åpnet igjen. Det kan være noe ustabilitet etter oppdateringen. Ta kontakt med svartjenesten vår dersom du får problemer.