
Møteplass for søkjarar til forskingssenter for forsvarsevne, tryggleik og beredskap
- Hvor:
Abel, Norges forskningsråd, Drammensveien 288, Lysaker
- Passer for:
Deg som har eit senterforslag og ønskjer samarbeidspartnarar, eller vil få idear frå andre senter-initiativ. Forskarar som vil samarbeide med nye senter-initiativ. Representantar frå næringsliv, offentleg eller frivillig sektor som vil samarbeide med senter-initiativ.
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Forskingsrådet inviterer til møte for søkjarar og partnarar som vil samarbeide om søknader til nye forskingssenter for forsvarsevne, tryggleik og beredskap.
Vi har i alt fått inn 112 skisser til nye forskingssenter for forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Av desse skal vi velje ut fem til ni senter. Sentera skal samle forskarar frå både sivile og militære miljø, næringsliv, forsvarssektoren og andre offentlege aktørar.
Målet er å byggje opp kunnskap og kapasitet hos norske forskingsmiljø, og utvikle kunnskap som både næringslivet og det offentlege treng for å styrkje Noregs forsvarsevne, tryggleik og beredskap.
Skissene skildrar kort kva senteret kan jobbe med, kva tema som blir dekte, og samarbeidspartnarar. Alle prosjekteigarar har fått ei kort, skriftleg tilbakemelding frå Forskingsrådet før møtet. Hovudbodskapen er at det er viktig å ta med både sivile og militære miljø, og vurdere samarbeid med andre som har sendt inn liknande forslag.
Skissene varierer mykje. Nokon viser til samarbeid som nesten er klare, medan andre er på idéstadiet ved å foreslå tema eller delar som kan inngå i eit senter.
Her finn du meir informasjon om senterutlysinga og skissene
Møteplassen passar for
- Deg som har eit senterforslag og ønskjer samarbeidspartnarar, eller vil få idear frå andre senter-initiativ.
- Forskarar som vil samarbeide med nye senter-initiativ.
- Representantar frå næringsliv, offentleg eller frivillig sektor som vil samarbeide om senterinitiativ.
Reglar for kortpresentasjon
- Du må vere til stades fysisk for å presentere eit senter-initiativ.
- Du kan ikkje bruke PowerPoint eller andre presentasjonsverktøy.
- Førebu ein presentasjon på to minutt. Du kan snakke på norsk eller engelsk.
- Byrje med å seie namnet ditt og kva institusjon du kjem frå.
- Oppgi tittelen på senteret og gi ein kort gjennomgang av forslaget ditt.
- Forklar kvifor du er med på møteplassen. Kva ser du etter? Ønskjer du partnarar frå andre fagområde eller institusjonar? Ønskjer du andre typar samarbeid?
- Sei gjerne litt om kva du forventar av dagen.
- Ta gjerne med ein kort presentasjon på éi side som du kan dele ut til deltakarane. Bruk same oppsett som når du presenterer.
- Presentasjonane blir strøymde (direktesende) og lagra.
Hugs å seie frå i påmeldinga om du vil halde ein kortpresentasjon.
Førebels program
- Kl. 10.00: Introduksjon ved Forskingsrådet og korte presentasjonar av senterforslag
- Lunsj
- Nettverskarena med mingling og uformelle møte
- Kl. 17.00: Arrangementet er ferdig
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. september 2026, kl. 11.37 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.