
Informasjonsmøte om etablering og deltaking i hub for hjerneforsking
- Passer for:
Forskingsmiljø, helsetenesta, offentleg forvaltning, pasientorganisasjonar og næringslivet som jobbar med hjernehelse
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
I Nasjonal hjernehelsestrategi 2026-2036 har Forskingsrådet og Hjernerådet fått i oppdrag å etablere ein hub for hjerneforsking. Formålet er få til tettare samarbeid på tvers av sektorar og fagmiljø, inkludert forskingsmiljøa, helsetenesta, offentleg forvaltning, pasientorganisasjonar og næringslivet.
Vi ønskjer å mobilisere til samanheng mellom nasjonale, regionale og lokale tiltak for hjerneforskinga og internasjonale initiativ som European Partnership for Brain Health.
Ein inspirasjon til å etablere ein hub for hjerneforsking er tilsvarande organiseringa på kreftområdet, gjennom Cancer Mission Hub Norway. Omfanget og innhaldet – kva skal skje i huben – er noko vi skal komme fram til i fellesskap, og vi vil gjerne høyre frå interesserte aktørar om kva som kan vere aktuelt.
Forskingsrådet og Hjernerådet er no i gang med arbeidet med å etablere huben, med sikte på eit lanseringsmøte i desember 2026. Som ein del av dette arbeidet arrangerer vi eit digitalt orienterings- og innspelsmøte 12. oktober kl. 13.00-14.00. Tema for møtet er å gi informasjon om organiseringa av huben, kva oppgåver og funksjon han skal ha, og for å svare på spørsmål frå deltakarar.
Møtet er digitalt, og det er mogleg å vere fleire personar frå same institusjon.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. november 2026, kl. 22.32 CET
Viktig informasjon
I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.