
Digitalt innspillsmøte for ny ordning for langsiktig drift av datainfrastrukturer
- Passer for:
Forskingsorganisasjonar og offentleg finansierte forvaltarar som er eigarar/partnarar i forskingsinfrastrukturar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Noregs forskingsråd fekk i juni 2026 eit oppdrag frå Kunnskapsdepartmentet med mål om å tilrå korleis ei ny ordning for langsiktig drift av datainfrastrukturar kan innrettast.
De blir inviterte med dette til å gi innspel til innretninga av ei ny ordning.
I stortingsmeldinga Sikker kunnskap i ei usikker verd varslar regjeringa at ho vil vurdere korleis nasjonale datainfrastrukturar bør organiserast og styrast for å leggje til rette for kostnadseffektiv drift, datadeling, forsking og innovasjon. Sidan Forskingsrådet etablerte Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur (INFRA-ordninga) i 2009, er det gjort store investeringar i datainfrastrukturar som er viktige for forsking og samfunnsutvikling.
Medan investeringar i etablering og oppgradering kan støttast gjennom INFRA-ordninga, må den løpande drifta som hovudregel blir finansiert på andre måtar. Mange datainfrastrukturar opplever derfor usikker finansiering. Behovet for meir berekraftige modellar for organisering og drift har vorte løfta fram i fleire utgreiingar og i dialog mellom Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet, forskingsinfrastrukturar og andre departement dei seinare åra.
Dette skjer i innspelsmøtet
Møtet er eit ein–timers digitalt innspelsmøte. Det vil bli gitt ein kort introduksjon og deltakarane vil deretter få høve til å komme med korte munnlege innspel (3 min).
Vi legg utgreiingsinstruksen til grunn for arbeidet. Ei veke før møtet vil vi sende ut alternative modellar for ordninga som vi vil ha innspel på i møtet til dei som er påmelde. Innspela vil bli brukte til å ferdigstille alternativa og berike vurderingane.
Det blir opna for å laste opp skriftlege innspel i chatten (maks 2 sider). Vi oppmodar institusjonane om å samordne innspela sine.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. august 2026, kl. 14.02 CEST
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet kl. 14.00 fredag 11. september til kl. 08.00 måndag 14. september oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vera mogleg å arbeida i systemet. Du kan oppleva noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.