Spør KI-samtaleroboten vår
Lilla bilde med abstrakt form
Åpen kafé

Digital café - Upcoming calls in EEA and Norway Grants

Passer for:

Forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i forskingssamarbeid med Polen, Portugal, Tsjekkia, Romania og andre land som tek imot EØS-midlar.

Pris:

Gratis

Om arrangementet

Dette er oppfølging av Digital kafé vi hadde i desember for å dele ny informasjon og bidra til at arbeidet med å byggje konsortium og førebu at søknader kjem i gang. Målgruppa er alle som er interesserte i deltaking i utlysingar frå EØS-midla sine forsknings-og innovasjonsprogram.

Vi skal dele informasjon om utlysingar som blir publiserte i juni i Polen og oppdatere om programutviklinga i Tsjekkia, Romania og Portugal.

Arrangementet skal denne gongen vere på engelsk.

Program:

  • Kva utlysingar og satsingsområde som blir aktuelle for EØS-midlane i 2026
  • Informasjon om utlysningene i Polen som skal publiseres i juni
  • Kva krav og moglegheiter norske søkjarar må forhalde seg til
  • Erfaringar frå tidlegare prosjekt og råd om korleis ein finn gode partnarar
  • Moglegheit til å stille spørsmål direkte til ekspertar frå Forskingsrådet


Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. september 2026, kl. 05.24 CEST

Vakttelefon til søknadsfrist

Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00  måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.

Varslet nedetid Min side (nytt system)

I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.