Open digital kafé: Utlysingar Resource for AI Science in Europe (RAISE)
Passer for:
Forskarar, bedrifter, NGO-ar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i temaet kunstig intelligens innanfor forsking og innovasjon i jordbruk og miljøforureining, matsystem materialvitskap, samfunnsvitskap og humaniora
Kunstig intelligens (KI) er viktig for at Europa skal leie an teknologisk og vere konkurransedyktig. KI kan gjere forsking og innovasjon betre. Derfor har Europakommisjonen starta RAISE-initiativet (Resource for AI Science in Europe).
I perioden 2026–2027 vil det komme nye utlysingar gjennom Horisont Europa. Då skal det lagast pilotprosjekt med virtuelle forskingssenter. Desse sentera skal jobbe med både vitskap for kunstig intelligens og kunstig intelligens for vitskap med fokus på jordbruk, miljøforureining, materialvitskap og mat. Målet er å fremme interdisiplinære gjennombrot i grenseflata av kunstig intelligens og vitskaplege oppdagingar.
På dette arrangementet får du vite meir om kva RAISE-initiativet ønskjer å oppnå, og korleis du kan førebu deg til å bli med i framtidige KI-nettverk, KI-støtta automatiserte laboratorium og nettverk for doktorgradsstudentar. Du får god tid til å stille spørsmål og diskutere med andre deltakarar.
Arrangementet er ope for alle, og passar for deg som vil delta i internasjonale nettverk innan kunstig intelligens eller vil lære meir om EUs pilotprosjekt RAISE. Kafeen blir arrangert av nasjonale kontaktpersonar (NCP-ar) for Klynge 4, Klynge 6 og Marie Sklodowska-Curie Actions (MSCA) i Horisont Europa.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. september 2026, kl. 02.38 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.