Når er støtta frå Forskingsrådet statsstøtte?
Prosjektstøtte frå Forskingsrådet blir vanlegvis rekna som statsstøtte når ho blir tildelt føretak. Eit føretak er ein aktør som driv økonomisk aktivitet ved å levere varer eller tenester i ein marknad. Dette gjeld uavhengig av organisasjonsforma til aktøren, og om den er meint å gå med overskot.
I Nærings- og fiskeridepartementets rettleiar om offentleg støtte er det utdjupa kva som ligg i føretaksomgrepet. Dette kan vere til hjelp når ein skal vurdere om ein er å rekne som eit føretak i statsstøtterettsleg forstand:
"Støttemottaker utøver normalt økonomisk aktivitet dersom enheten leverer varer og tjenester i et marked. Der det offentlige deltar i et marked og tilbyr varer og tjenester i konkurranse med private og andre offentlige aktører, vil tjenesten normalt anses å være en økonomisk aktivitet. Reglene om offentlig støtte retter seg altså ikke mot støtte som gis til privatpersoner, til offentlige instanser som driver myndighetsutøvelse eller til offentlig administrasjon, med mindre de opptrer som foretak."
Meir om kva som ligg i om repet "økonomisk aktivitet", med nyttige døme, finn du i kapittel 15.1 i rettleiaren (pdf).
Det er også rettleiing å hente om omgrepet føretak i EU-kommisjonens dokument "The Notion of State Aid, kapittel 2 (pdf).
Somme aktørar kan drive både økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet. Dette gjeld mellom anna offentlege aktørar og mange forskingsorganisasjonar.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. november 2026, kl. 03.46 CET
Vakttelefon til søknadsfrist
Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.
Viktig informasjon
I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.