Spør KI-samtaleroboten vår

Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som springbrett til Horisont Europa

Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 80 nye COST-nettverk som startar opp i 2026. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.

Nettverka, i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST), er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar. 

Deltakarane bringar inn si eiga forsking i nettverket og COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket, sommarskular og korte forskingsopphald.  COST finansierer ikkje forsking. 

Høg norsk interesse

Det er høg interesse her i Noreg for å delta i nettverka, og norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ei spørjeundersøking frå Forskingsrådet er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont-søknad eller planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.

Kan opne mange dører

Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader og anna prosjektsamarbeid.

Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.  

- Det er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.

Ta kontakt viss du vil delta

Ta kontakt med oss i Forskingsrådet så snart som mogleg om du ønskjer å bli med. For å bli vurdert i den første runden av oppnemningar til desse nye nettverka må du kontakte oss aller seinast 15. juni. Send ein e-post til:  COST-CNC@forskningsradet.no

Forskingsrådet vil be dei som er interesserte i å delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposers" i søknadsprosessen.

Les også 80 new COST Actions approved - COST.

Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk opnar 31. juli og søknadsfristen er 28. oktober 2026. Meir informasjon her: Open Call: A Simple One-Step Application Process  

Vennleg helsing COST koordinatorene i Noreg: Trude Dypvik og Hilde Garegg Gårdsmoencost-CNC@forskningsradet.no.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. juni 2026, kl. 01.09 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.