Spør KI-samtaleroboten vår

Forskar Zander Venter og eit journalistteam i NRK vinn Forskingsrådets innovasjonspris

Seniorforskar Zander Venter ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NRK-journalistane Mads Støstad, Ruben Solvang, Anne Linn Kumano-Ensby og Su Thet Mon får prisen for det banebrytande samarbeidet sitt mellom forsking og journalistikk i prosjektet «Noreg i raudt, kvitt og grått».

Vinnaren av Forskingsrådets innovasjonspris i 2024 går til eit unikt og innovativt samarbeid mellom aktørar som ofte har kontakt, men som sjeldan samarbeider, nemleg forskarar og journalistar. Foto: Jonatan Hiis Ånestad

– Som samfunn er vi avhengig av innovasjon i alle delar av samfunnet for å lykkast med den grøne, digitale omstillinga. Vi i Forskingsrådet vil heidre den forskingsbaserte innovasjonskrafta med innovasjonsprisen. Eg er imponert over korleis prisvinnarane har kombinert vitskapleg tilnærming og nye teknologiar saman med journalistisk historieforteljing, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Forskingsrådet deler årleg ut innovasjonsprisen til ein person eller verksemd som har brukt forsking strategisk i innovasjonsarbeidet sitt.

I prosjektet "Noreg i raudt, kvitt og grått" blir satellittbaserte kart og KI brukt for å studere og følgje endringar i arealbruk. Dette er første gong vi har fått så omfattande og detaljerte data om naturinngrep. Det innovative i prosjektet er det gode samarbeidet mellom forskarar og journalistar. Journalistane formidlar ikkje berre forskingsfunn, men jobbar saman med forskarane for å skape og analysere data, noko som markerer eit skifte i korleis datadrivne historier blir produserte og formidla.

Prosjektet har sett ein ny standard for framtidige KI-drivne samarbeidsprosjekt på tvers av fagområde. Prosjektet har resultert i over ein million sidevisningar, NRK har fått over 2000 e-postar frå publikum og det er skrive over 1800 artiklar i norske medium som viser til prosjektet direkte. Funna er også grunnlaget for den populære NRK-serien «Oppsynsmannen» med Bård Tufte Johansen som programleiar.    

– Prosjektet viser ikkje berre potensialet kunstig intelligens har innanfor natur- og miljøovervaking, men også kor viktig det er å gjere metodane og funna på forskingane tilgjengelege både for dei som tek avgjerder og for folk flest, seier Sundli Tveit.

Formidabel innovasjonsevne

Forskingsrådet fekk nesten 80 nominerte og hadde fem finalistar. Utanom NRK/NINA, vil juryen særleg rose:

  1. 1x Technologies AS for sin humanoide robot som kan avlaste rutinearbeid  
  2. Abel Technoligy AS for ei helseløysing for redusert sjukefråvær  
  3. Econnect Energy AS for fleksibel overføring av LNG til landanlegg    
  4. Maritime Robotics AS for autonome operasjonar for sivil og militær  

– I ei verd som er stadig meir usikker, er eg glad for å sjå den kraftige innovasjonsevna i norske kunnskapsmiljø. Det lovar godt for framtida, seier Sundli Tveit.

Juryen består at Forskingsrådets styremedlemmer og administrerande direktør.

Grunngivinga frå juryen

Vinnaren av Forskingsrådets innovasjonspris i 2024 går til eit unikt og innovativt samarbeid mellom aktørar som ofte har kontakt, men som sjeldan samarbeider, nemleg forskarar og journalistar.

Ved hjelp av satellittbaserte kart og kunstig intelligens (KI) har vinnarane kartlagt, studert, følgt og presentert arealbruk i Noreg i perioden 2017–2022.

Dette er første gong det har komme fram så omfattande og detaljerte data om miljøendringar i Noreg. Kunstig intelligens og opne satellittdata frå ESA vart eit avgjerande verktøy i å prosessere dei enorme datamengdene som låg i satellittbileta, og dette gjorde det mogleg å visualisere endringar i landskap og areal. Dei prisvinnande journalistane gjorde dei oppsiktsvekkjande dataa synlege: Noreg har mista minst 79 kvadratmeter natur per minutt dei siste fem siste åra.

Journalistane formidlar ikkje berre forskingsfunn, men har jobba saman med forskarane for å skape og analysere data, noko som markerer eit skifte i korleis datadrivne historier blir produserte og formidla.

Datasettet har vore ope tilgjengeleg, og publikum vart inviterte til å bidra med å verifisere og supplere funn. Dette demokratiserer forskinga og gir høve til å delta aktivt, noko som er sjeldan i både forsking og journalistikk.  

Kommunikasjonen av forskingsfunna har skapt eit veldig folkeleg engasjement og har gitt over ein million sidevisningar og over 1800 artiklar i norske medium som viser til prosjektet direkte.

Ved å kombinere langsiktig forsking og vitskaplege tilnærming, nye teknologiar og journalistisk historieforteljing, har vinnarane sett ein ny standard for bruk av opne data, KI, samarbeid på tvers av fagområde og folkeforsking. Prosjektet viser ikkje berre potensialet KI har innanfor natur- og miljøovervaking, men også viktigheita av å gjere metodane og funna på forskingane tilgjengelege for avgjerdstakarar og allmenta.  

Innovasjonsprisen til forskingsrådet for 2024 blir delt ut til samarbeidet mellom seniorforskar Zander Venter frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) og journalistteamet Mads Nyborg Støstad, Ruben Solvang, Anne Linn Kumano-Ensby og Su Thet Mon frå NRK. 

Pressekontakt

Vivill Vinsrygg

    Pressekontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 17.32 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.