Spør KI-samtaleroboten vår

EU-millionar til norske forskartalent

Rekordmange unge, norske forskarar gjer suksess i Det europeiske forskingsrådet. Til saman får dei 271 millionar kroner.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) er elitedivisjonen for europeiske forskarar. Med eit budsjett på 16 milliardar euro finansierer EU-organet berre den aller beste forskinga.  

I dag får 14 av dei totalt 101 norske søkjarane innvilga søknadene sine om ERC Starting Grant. Det er ny rekord. Til saman får dei tildelte norske prosjekta 23,3 million euro, eller cirka 271 millionar kroner. 

ERC Starting Grant er ordninga for forskarar i starten av karrieren sin. I år deler ERC til saman ut 780 millionar euro gjennom denne ordninga.  

– Dette er eit strålande resultat for norsk forsking! Dette viser igjen at norske forskarar hevdar seg i den absolutte verdstoppen. Eg vil særleg gratulere Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Innlandet, som begge hentar heim sine første ERC-stipend. Det er grunn til å feire at norske forskarar vinn fram i den aller mest krevjande konkurransen innan grunnforsking i verda, det er svært viktig for vår konkurranseevne og verdiskaping. Det er godt nytt for Noreg som kunnskapsnasjon, for institusjonane og mest av alt for forskarane sjølve, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp). 

Vil flytte grenser 

Av dei fjorten tildelte stipenda går halvparten til kvinner. Seks av prosjekta er innanfor naturvitskap og teknologi, seks er innanfor humaniora og samfunnsfag, og dei siste to er innanfor livsvitskap.  

— Gratulerer til dei fjorten forskarane som no får stipend. Dette er veldig gode nyheiter for Noreg og framtida til norsk forsking. Den vitskaplege kvaliteten som er nødvendig for å nå opp på denne arenaen er skyhøg. Eg er heilt sikker på at desse forskarane vil flytte grensene på sine felt, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.  

Stipenda går til forskarar ved følgjande institusjonar:  

3474 europeiske forskarar konkurrerte om midlane i år. Av desse får 494 søknader finansiering. Det gir ein suksessrate på 14,2 prosent.

Desse forskarane blir tildelte ERC Starting Grant 

  • Karley Campbell, UiT: Micro-SHIFT Microbial life of Sea ice Habitats Investigated For The Arctic 
  • Julien Resseguier, UiO: Fish-S.H.I.E.L.D. Deciphering the newly discovered branchial cavity immune surveillance system to protect fish against infectious diseases in aquaculture. 
  • Casey Wall, UiO: AC3S Aerosols, Convection, Clouds, and Climate Sensitivity: understanding the processes and climate impacts of the interactions between aerosol pollution and tropical convective clouds 
  • Ágnes Király, UiO: DYNAMICE Exploring the impact of anisotropic viscosity on the interplay between ice and mantle dynamics 
  • Florian Ströhl, UiT: LiBriNa Lightsheet Brillouin Nanoscopy: mechano-sensitive superresolution imaging for regenerative medicine 
  • Yan Li, UiB: OceanCoupling A breakthrough in the two-way coupling within a wave-current-atmosphere system 
  • Duncan Watts, UiO: Origins Cosmic Inflation and Structure Formation Through Global Analysis 
  • Paul Beaumont, NUPI: Navigator Navigating the Marketplace of Indicators 
  • Ines Alisa Wagner, UiO: WAGE Egalitarian but not Equal: Sectoral Wage Formation and Gendered Wage Differentials 
  • Claudia Barth, OUS: MappingPerimenopause A Spotlight on Women’s Brain Health: Mapping In Vivo Brain Dynamics across the Perimenopausal Years. 
  • Olav Benjamin Vassend, HINN: RaDe Towards a Theory of Rational Desire 
  • Sara Asu Schroer, UiO: DROUGHT Living with Drought: Human -Environment Relationships in Drying European Landscapes 
  • Guang Yin, UiS: SMARTFUILDS Sparse Measurement-Based Reduced-Order Models of Fluid-Structure-Interactions 
  • Nina Reiners, UiO: PROBONO Private Law Firms as Transnational Advocates 

ERC i andre land 

Halvparten av dei innvilga prosjekta går til Tyskland, Nederland, Storbritannia og Frankrike. Blant dei nordiske landa fekk Sverige 22, Finland 18 og Danmark 15 prosjekt.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 03.59 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.