Noreg treng ein stor auke i forskingsbudsjetta
I Forskingsrådets budsjettinnspel tilrår vi regjeringa å auke den offentlege FoU-innsatsen til minst 1,2 prosent av BNP for å utløyse meir forsking og innovasjon av høg kvalitet for auka nasjonal tryggleik og rask omstilling. For å gi satsinga kraft, fart, retning og kopling tilrår vi å auke den konkurranseutsette delen av forskinga til 30 prosent.
Det er Forskingsrådets styre som sender tilrådingane til Kunnskapsdepartementet.
– Både Draghi-rapporten og Perspektivmeldinga legg vekt på dei enorme omstillingsbehova vi står i og som vil bli endå større i framtida. I tillegg til store utfordringar for verdiskaping og konkurransekraft, står Noreg overfor eit nytt trussel- og risikobilete som er samansett og som grip inn i alle sektorar. Skal Noreg få til den nødvendige omstillinga raskt nok til å møte utfordringane, må den offentlege FoU-innsatsen over tid aukast til minst 1,2 prosent av BNP for å utløyse meir forsking og innovasjon av høg kvalitet for auka nasjonal tryggleik og rask omstilling, seier styreleiar i Forskingsrådet Gunnar Bovim.
Ein offentleg del på 1,2 prosent av BNP vil utgjere ein vekst på om lag 12 milliardar kroner samanlikna med gjennomsnittet for åra 2019–2023. Her er fleire endringar i utfordringsbiletet som viser at det er avgjerande å satse meir på forsking og innovasjon i Noreg:
- behova for FoU knytt til nasjonal tryggleik og beredskap er forsterka, med tilhøyrande behov for å utvikle eit heilskapleg forskingssystem for open, skjerma og gradert forsking
- målet om at næringslivets del av FoU-innsatsen skal vere 2 prosent av BNP
- behovet for auka kapasitet til tungrekning
- personellkrisa og utviklinga av offentleg sektor
- klima- og naturkrisa
I budsjettinnspelet blir det også foreslått at ved vekst i dei generelle FoU-budsjetta, bør Forskingsrådets del av dei offentlege utgiftene over tid aukast til 30 prosent. Dette vil innebere at konkurransearenaene vil styrkjast betydeleg og dermed auke moglegheitene til å rette innsatsen inn mot omstillings- og kunnskapsbehovet i samfunnet.
– Forskingsfinansiering gjennom Forskingsrådet sikrar at det er dei beste prosjekta som får støtte, og at investeringane gir kraft, fart, retning og kopling, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
– Verda er i endring og kunnskap er heilt avgjerande for at vi skal klare å møte dei utfordringane vi står overfor. Men då må vi heve ambisjonsnivået og satse på forsking og innovasjon, seier Sundli Tveit.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 17.11 CET