Prisdryss i europeisk konkurranse for ungdommar

Norske elevar gjorde det godt i EUs internasjonale forskingskonkurranse for ungdommar.

Noreg deltok med to prosjekt i European Union for Young Scientists. Foto: EUCYS

Kvart år arrangerer Europakommisjonen ein stor internasjonal forskingskonkurranse for ungdommar under 20 år, EUCYS – European Union Contest for Young Scientists. For å delta må ungdommar kvalifisere seg gjennom nasjonale konkurransar. I Noreg skjer dette gjennom Konkurransen Unge forskarar Forskingrådet arrangerer kvar vår.

13.-18. september sende vi fire deltakarar med to prosjekt til årets EUCYS i Leiden i Nederland. Begge prosjekta vann spesialprisar!

Prosjekt om sepsis og priselastisitet

Tre elevar frå Ullern vidaregåande skule deltok med eit felles prosjekt om sepsis (blodforgifting) og antibiotikum, og deltakarane i prosjektet var Martin Thormodsrud, Alexander Marks og August André Lukkassen. Sepsis er ei av dei vanlegaste dødsårsakene i verda og forskartrioen hadde stilt spørsmål om sjukdommen som fagfolk ikkje har stilt – fekk dei høyre av dommarane i Leiden. Dei har studert korleis E.coli-bakteriar blir påverka av antibiotikum. Meir spesifikt har dei sett på korleis mengda frigjort lipopolysakkarid blir påverka av konsentrasjon og type antibiotikum. Dei har hatt Universitetet i Oslo som støtte og fått tilgang til laboratorium. Prisen dei vann er eit opphald ved The European Molecular Biology Laboratory i Heidelberg, Tyskland.

Anish Athmakoor frå St. Olav vidaregåande skule i Stavanger deltok med eit prosjekt om økonomi og priselastisitet. Anish har sett på korleis etterspurnaden etter sukkerhaldige produkt avheng av pris. Den unge forskaren ville finne ut kor priselastisk produkta er, for å avgjere om avgifter kan tenkjast å redusere forbruket av dei. Metoden er spesielt imponerande, der han laga ein fiktiv nettbutikk med sukkerhaldig mat, luksusartiklar og nødvendige produkt alle treng. På EUCYS vann han eit opphald ved EUs Joint Research Centre i Ispra, Italia.

132 ungdommar frå 33 land var med på konkurransen i år. Her er dei som vant prisar. Foto: EUCYS

Europeisk satsing på unge

EUCYS er ein del av EUs store forskingsprogram Horisont Europa. Leiar for EUCYS, Karen Slavin, uttalte på opninga at Europa treng dei unge, og at dei må rekrutterast tidleg. Direktør for forsking og innovasjon i EU, Anna Panagopoulou, sa også at det er viktig å inspirere unge til søkje seg til forsking for at det skal bli mogleg å nå grøne målsetjingar og å løyse dei store utfordringane vi står overfor. EU har ei spesiell satsing på unge i år; European Year of Youth, EUCYS og ein ny konkurranse for unge vaksne, TalentOn.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 07:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.