Industriell forsking eller eksperimentell utvikling

Forskingsrådet definerer og klassifiserer prosjektet som anten industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Klassifiseringa har konsekvensar for kor mykje offentleg støtte bedrifta di kan få for prosjektet.

Industriell forskning 

Ny kunnskap: Planlagd forsking eller kritisk undersøking med sikte på tileigning av ny kunnskap og ferdigheiter for å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester eller som kan føre til stor forbetring av eksisterande produkt, prosessar eller tenester.

Dette omfattar skaping av komponentar til samansette system og kan omfatte konstruksjon av prototypar i eit laboratoriemiljø eller i eit miljø med simulerte brukarflater til eksisterande system og dessutan pilotlinjer, der det måtte vere nødvendig for den industrielle forskinga, særleg for validering av allmenn teknologi.

Eksperimentell utvikling

Eksisterande kunnskap som blir nytta på nye område eller nye måtar: Tileigning, kombinasjon, utforming og bruk av eksisterande vitskapleg, teknologisk, forretningsmessig og annan relevant kunnskap og ferdigheiter for å utvikle nye eller forbetra produkt, prosessar eller tenester.

Dette kan til dømes også gjelde aktivitetar som er retta mot konseptformulering, planlegging og frambringing av dokumentasjon for nye produkt, prosessar eller tenester.

Utvikling av kommersielt anvendelege prototypar og forsøksprosjekt er også omfatta dersom prototypen nødvendigvis er det endelege, kommersielle produktet. Det same gjeld dersom han er for kostbar å framstille for berre å brukast til demonstrasjon og validering.

Sjå Statsstøttereglanes betydning for SkatteFUNN-prosjekt for ei oversikt over grensene for statsstøtte, ut frå om bedriftsstorleik og type FoU (forsking og utvikling).

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. desember 2023, 18:37 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.