Spør KI-samtaleroboten vår

Prosjektrekneskap for SkatteFUNN-prosjekt

Det er viktig at du fører prosjektrekneskap som dokumenterer utgiftene undervegs i prosjektet ditt. Alle som arbeider på prosjektet, må signere timelistene minst kvart kvartal. Prosjektbudsjettet må vere skilt frå driftsbudsjettet til bedrifta.

Gå rett til:

Det er dei faktiske kostnadene som tel

Budsjettet du leverte i søknaden var ikkje bindande, men vi ønskte eit realistisk overslag. Når du fyller ut skattemeldinga skal du bruke dei faktiske kostnadene du har hatt i prosjektet.

Desse kostnadene kan vere høgare eller lågare enn det du budsjetterte med i søknaden. Det viktigaste er at kostnadene har direkte samanheng med det godkjende prosjektet slik det er beskrive i søknaden.

Kva er rammene for skattefrådraget?

Du kan søkje om skattefrådrag for 19 prosent av kostnadene til eit forskings- og utviklingsprosjekt. Den øvre ramma for kostnader er på 25 millionar kroner.

Grensa gjeld både kostnader per prosjekt per år (samla kostnader på tvers av bedrifter) og kostnader per bedrift (skatteytar) per år. Det betyr at

  • dersom éi bedrift har fleire SkatteFUNN-prosjekt, gjeld den øvre ramma for alle prosjekta samla. Bedrifter som har fleire godkjende prosjekt samtidig, må difor vere merksame på at ramma gjeld per bedrift per år
  • dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om same SkatteFUNN-prosjekt og har fått SkatteFUNN-godkjenning for sin del av prosjektet, så gjeld grensa samla for prosjektet, på tvers av bedriftene

Du må krevje frådraget via skattemeldinga til Skatteetaten. Utbetaling/reduksjon i skatt kjem via skatteoppgjeret.

Korleis føre timar og kostnader?

Du må føre prosjektrekneskap for alle kostnader som skal vere med i skattekravet. Du må òg føre timelister for alle arbeidstimar som skal inngå i prosjektrekneskapen. Slikt arbeid skal dokumenterast for tilsette i søkarbedrifta og i nærståande bedrifter som jobbar med prosjektet.

Viktig å hugse på

Før kostnader for heile året

Godkjenninga av eit SkatteFUNN-prosjekt gjeld for heile kalenderåret. Det betyr at du kan krevje skattefrådrag for alle prosjektkostnader du har i det same kalenderåret som godkjenninga gjeld for, så lenge de følgjer dokumentasjonskrava.

Begynn å registrere timar så snart som mogleg

Begynn tidleg med timeregistrering. Kravet om timeregistrering gjeld òg for timar som er ført før de får sjølve godkjenninga. Derfor må de ha system og rutinar for å føre timar og signere dei før de startar arbeidet med prosjektet. Prosjektkostnader som har komme til etter planlagt prosjektslutt kan òg førast opp dersom dei er frå det kalenderåret de har godkjenning for.

Du kan ikkje få skattefrådrag for kostnader som er frå før eller etter det kalenderåret du har fått godkjenning for.

Kva med renter på lån?

Du kan få frådrag i skatt for renter på lån som er knytte til prosjektet. Lånekostnader for å dekke lønn er ikkje med. Du kan lese meir i Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader – SkatteFUNN under kapitlet om finansieringskostnader/gjeldsrenter.

Last ned eksempel på prosjektrekneskap.

Alle må dokumentere timar

Du bereknar personalkostnader ut frå talet på timar det samla FoU-personellet jobbar på prosjektet. Du må dokumentere alle arbeidstimar: Både FoU-personell og prosjektansvarleg skal signere timelistene minst kvart kvartal. Dette er eit absolutt krav.

Du kan ofte bruke det same systemet som du bruker til vanleg timeføring, men du må sjekke at systemet oppfyller krava. Timelistene må vise dette for kvar dag:

  1. namn på den som arbeider med forsking og utvikling (FoU-person)
  2. kor mange timar personen har jobba
  3. kva delmål eller arbeidspakkar personen har arbeidd med. Sjå kva er ein arbeidspakke?

Sjå Skatteetatens Skatte-ABC eller kontakt Skatteetaten for å finne ut meir om kostnadsføring.

Eksempel: berekning av timesats for eigne tilsette

Du kan føre opp maksimalt 1850 timar per person per år i prosjektet. Når du reknar ut timeløn for eigne tilsette, kan du bruke opptil 1,2 promille av den avtalte og faktiske årslønna til den tilsette ved slutten av prosjektet eller året. Den høgaste timesatsen du kan bruke, er 700 kroner. Denne grensa gjeld òg når du kjøper forsking og utvikling frå selskap som du har tette band til.

Eksempel på timeføring  

Per jobbar 80 % i bedrifta, og har nominell lønn på kr 332 000.
Han jobbar 158 timar med prosjektet i løpet av eit år.  

Anne jobbar 100 % i bedrifta, og har nominell lønn på kr 600 000.
Ho jobbar 1850 timar med prosjektet i løpet av eit år.  

Berekning Per:
Pers lønn må først reknast om til ei full stilling, som gir 415 000 kroner.
Timesats: 415 000×1,2 ‰=498.
Kostnadene for Per i prosjektrekneskapen blir: 498×158=78 684. 

Berekning Anne: 
Timesats: 600 000×1,2 ‰=720.
Ein kan maks føre opp ein timesats på 700. 
Kostnadene for Anne i prosjektrekneskapen blir: 700×1850=1 295 000. 

Du skal ikkje inkludere ulønt arbeidsinnsats

Du kan berre inkludere faktisk utbetalt lønn, det vi kallar faktiske kostnader. Du kan dermed ikkje inkludere ulønt arbeidsinnsats. 

Enkeltpersonforetak og andre foretak som ikkje har tilsette, kan ikkje føre lønnskostnader som grunnlag for skattefrådrag. Det vil seie at prosjektarbeid som blir utført av personar med tilknyting til bedrifta som ikkje har eit tilsetjingsforhold og dokumenterbar avtalt lønn, blir rekna som ulønt arbeidsinnsats.

Underleverandør / arbeid utført av andre må også levere timelister

Arbeid utført i prosjektet av det som blir definert som nærståande bedrift, har same krav til føring av signerte timelister som arbeid utført i søkjarbedrifta. Frådragsretten er avgrensa til kjøp av FoU-tenester frå land innanfor EØS og land som Noreg har skatteavtale eller informasjonsutvekslingsavtale med.

Utgifter til patentsøknad

Små og mellomstore bedrifter (SMB) kan kostnadsføre utgifter til første gongs patentering, i samsvar med SkatteFUNN-forskriften § 16-40-6, 4. ledd:  

Små og mellomstore bedrifter får fradrag for kostnader knyttet til førstegangs patentering. Fradraget gjelder alle kostnader forut for tildelingen av rettigheten i første jurisdiksjon, herunder kostnader knyttet til utarbeiding, inngivelse og oppfølgning av søknaden så vel som kostnader til å fornye søknaden før rettigheten er tildelt.

Bedriftsstorleiken har noko å seie for kor mykje samla offentleg støtte eit prosjekt kan få. 

Aktivitetar som ikkje kan få støtte

Støtte til drift og produksjon

SkatteFUNN er støtte til forsking og utvikling og ikkje støtte til drift og produksjon. SkatteFUNN-forskrift § 16-40-2 (3) gir eksempel på aktivitetar som av den grunn ikkje kan få støtte gjennom SkatteFUNN.

Oppdragsforsking

Det blir ikkje gitt frådrag for kostnader i tilknyting til forskingstenester som blir omsette.

Søknad om godkjenning

Kostnader i samband med søknad om godkjenning av prosjektet og revisorstadfesting i vedlegg til skattemeldinga, kan ikkje inngå i frådragsgrunnlaget. 

Bruk av revisor

Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon av prosjektrekneskapen som tala i skattemeldinga er baserte på. Det vil seie at revisor må attestere kostnadene og stadfeste opplysningane om offentleg støtte. Dette gjeld uavhengig av om skattytar er revisjonspliktig eller ikkje.

Tal som skal inn i årleg statusrapport eller i sluttrapport til Forskingsrådet innan 1. mars kvart år, treng ikkje revisorgodkjenning. Legg inn så gode tal som mogleg frå prosjektrekneskapen på rapporteringstidspunktet. Vi bruker desse tala for å vurdere framdrifta i prosjekta og til statistikkformål. Sjølve skattekravet må du føre inn i skattemeldinga.

Revisorforeninga anbefaler bedrifter å skaffe revisor for prosjektet sitt så tidleg som mogleg. Ventar du for lenge med å få ein avtale med revisor, kan det bli vanskeleg å finne nokon som vil seie ja, på grunn av at oppdragets har eit stort omfang.

Les meir om reglar for skattefrådrag

For å få skattefrådrag for kostnadene du har til forsking og utvikling (FoU) i det godkjende prosjektet, må du inkludere dei i skattemeldinga. Frådraget skal baserast på revisorgodkjend prosjektrekneskap og timelister.

Informasjon om kva kostnader som kan inngå i frådragsgrunnlaget, definisjon av kva som blir rekna som ei nærståande bedrift og andre avklaringar finn du i SkatteFUNN-forskrifta og skatteloven §16-40, forskrift for SkatteFUNN, punkt 16-40-3 eller hos Skatteetaten.

Sjå elles Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader – SkatteFUNN.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. mars 2026, kl. 22.20 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.