Utbetaling gjennom skatteoppgjeret

Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon. De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for forskning og utvikling".

Prosjektrekneskapen må godkjennast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Kravet om revisorattestasjon gjeld uavhengig av om bedrifta er revisjonspliktig eller ikkje. Sjå Skatteetatens nettside for meir informasjon. 

Det faktiske skattefrådraget kan bli lågare eller høgare enn det det er budsjettert med i søknaden. Dette er fordi skattefrådraget blir berekna ut frå faktiske kostnader, ikkje frå budsjett.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 10:48 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.