Ofte stilte spørsmål om SkatteFUNN

Lurer du på noko om det å søkje om skattefrådrag via SkatteFUNN? Sjå om du finn svar på det her, eller ta kontakt med oss.

Kven kan søkje SkatteFUNN?

Bedrifter i alle storleikar, næringar og selskapsformer som er registrerte i Brønnøysundregisteret og er skattepliktig til Noreg, kan søkje SkatteFUNN.

Kva er SkatteFUNN-ordninga?

SkatteFUNN er ei rettsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å forske og utvikle. Prosjektet må godkjennast av oss i Forskingsrådet. Dersom prosjektet blir godkjent, kan bedrifta krevje skattefrådrag for 19 prosent av kostnadene sine til utvikling av nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar. Dette gjeld sjølvsagt innanfor gjeldande rammer.

Kan bedrifter som ikkje er i skatteposisjon/går med overskot søkje om SkatteFUNN?

Ja, alle bedrifter som er skattepliktige til Noreg kan søkje. Bedrifter som ikkje går med overskot, får støtta utbetalt som eit kontanttilskot gjennom skatteoppgjeret. Ver merksam på at det er eit forbod mot å gi støtte til føretak i økonomiske vanskar. Les meir om regelverket for føretak i vanskar.

Kvar og korleis søkjer eg?

Utlysningstekst og søknadsskjema finn du på www.forskningsradet.no/utlysninger. Du må ha ein brukarprofil først, som du opprettar ved gå til Mitt nettsted.

Inne i søknadskjemaet finn du hjelpetekstar som gir rettleiing på korleis søknaden skal fyllast ut. Vi har også eigen informasjon om rettleiing til SkatteFUNN-søknadar

Er det ein søknadsfrist?

Vi tilrår å sende inn søknad så tidleg som mogleg på kalenderåret. Garantifristen er 1. september kvart år. Alle søknader sendt inn før denne datoen er garantert behandling innan utgangen av året.

Søknader som kjem inn etter garantifristen, er ikkje garantert behandling innan nyttår. Dei bedriftene som søkjer etter garantifristen kan dermed miste høvet til å føre frådrag som er oppsamla i søknadsåret. 

Kva skjer med søknader som blir sende inn etter 1. september?

Søknader som blir sende inn etter 1. september blir behandla i kronologisk rekkjefølgje, same år, så langt vi har kapasitet. Dei som ikkje blir ferdigbehandla innan utgangen av året, blir overførte og behandla året etter.

I desse høva vil de ikkje få skattefrådrag for det året søknaden vart send enn, men for året etter. Det betyr altså i praksis at søknader for eittårige prosjekt som blir sende inn etter garantifristen og som vi ikkje rekk å behandle, blir trekte.

Kan eg søkje om godkjenning for fleire år av gongen?

Ja, du kan søke SkatteFUNN-støtte for prosjekt med fleire års varigheit. Godkjenning blir normalt gitt for inntil tre år om gongen. Godkjend periode står i svarbrevet frå oss. 

Utforme søknaden sjølv eller kjøpe hjelp?

Vi oppmodar bedrifter til å skrive søknaden sjølv. De kjenner prosjektet dykkar best. Søknadsskrivinga er dessutan ei nyttig øving for å strukturere prosjektarbeidet.

Sjå tipsa våre til søknadsprosessen og informasjon om valet mellom å skrive sjølv eller kjøpe hjelp.

Kan eg klage på avgrensingar og avslag?

Ja, du kan klage på avslag, avgrensingar i godkjenninga og kategorisering av prosjektet som eit utviklingsprosjekt.

Kan eg søkje om fleire prosjekt i same søknad?

Nei. Du skal berre beskrive eitt prosjekt per søknad. Eit SkatteFUNN-prosjekt må vere avgrensa og målretta. Dersom du beskriv fleire ulike prosjekt i éin søknad, er det fare for at prosjektet blir vurdert til ikkje å vere avgrensa og målretta. 

Kan bedrifta ha fleire SkatteFUNN-prosjekt samtidig?

Ja. Ei bedrift kan ha fleire SkatteFUNN-prosjekt samtidig, og de kan søkje om fleire SkatteFUNN-prosjekt i same år. Rammene for skattefrådrag gjeld likevel per bedrift per år.

Kva er den øvre ramma for SkatteFUNN-prosjekt?

Ramma er på 25 millionar kroner per bedrift per år. Det betyr at dei søkte prosjektkostnadane per år maksimalt kan vere 25 millionar kroner. Les om rammer og satsar i SkatteFUNN.

Kor mykje kan eg få i frådrag på skatten?

Bedrifter kan få 19 prosent av frådraggrunnlaget i skattefrådrag. Dersom bedrifta ikkje går med overskot, kjem støtta som ei utbetaling.

Kva er maksimal timesats for eigne tilsette i prosjektet?

Timesatsen er 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Maks timesats er 700 kroner og skal også gjelde ved innkjøpt FoU frå såkalla nærståande selskap. Les meir om rammene på informasjonssida vår om prosjektrekneskap.

Kva meiner ein med forskings- eller utviklingsprosjekt (FoU)?

Prosjektet må vere målretta og avgrensa. Det må vere mogleg å skilje prosjektet frå den normale verksemda til bedrifta og drift. Målet dykkar må vere å skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter eller å nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på nye måtar eller område, i samband med utvikling av nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar, og dette må vere til nytte for bedrifta.

Har det noka betydning om prosjektet klassifiseres som forsking (F) eller utvikling (U)?

Ja. Klassifisering som forsking eller utvikling kan ha økonomisk betydning dersom SkatteFUNN-støtta blir kombinert med anna offentleg støtte. Statsstøtteregelverket tillèt ei høgare prosentvis støttegrad for forskingsprosjekt enn for utviklingsprosjekt. Informasjon om statsstøtteregelverket finn du her:

Forskingsrådet tek stilling til om godkjent SkatteFUNN-prosjekt kan klassifiserast som industriell forsking (F) eller eksperimentell utvikling (U). Klassifiseringa blir i samsvar med gjord definisjonar som følgjer av EU-forordning 651/2014 – artikkel 2. Kort kan dei to kategoriane beskrivast slik:

  • Industriell forsking: planlagd forsking eller kritisk undersøking med sikte på tileigning av ny kunnskap og ferdigheiter for å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester eller som kan føre til stor forbetring av eksisterande produkt, prosessar eller tenester.
  • Eksperimentell utvikling: tileigning, kombinasjon, utforming og bruk av eksisterande vitskapleg, teknologisk, forretningsmessig og annan relevant kunnskap og ferdigheiter for å utvikle nye eller forbetra produkt, prosessar eller tenester.

Kor mykje støtte kan kvar bedrift få ved samarbeidsprosjekt?

Ved samarbeidsprosjekt er ramma for frådraggrunnlaget 25 millionar per år samla for bedriftene. Det vil seie at ramma gjeld for samarbeidsprosjektet totalt per år.

Må begge bedrifter i eit samarbeidsprosjekt sende inn søknad?

Ja. Dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om eit SkatteFUNN-prosjekt, må dei sende kvar sin søknad der dei høvesvis beskriv kvart sitt bidrag i prosjektet.

Kan SkatteFUNN kombinerast med andre støtteordningar?

Ja, det er mogleg kombinere støtte til eit prosjekt frå ulike ordningar. I samsvar med statsstøtteregelverket vil det likevel vere nokre avgrensingar på kor stor del offentleg tilskot eit prosjekt kan få. Statsstøttereglane (ESA) gir rammar for kor mykje offentlege tilskot som blir tillatne i finansieringa av eit forskings- og utviklingsprosjekt.

Ver merksam på at det har noko å seie kva rekkjefølgje du søkjer SkatteFUNN i kombinasjon med andre støtteordningar

Kan utgifter til patentsøknad inngå i søknaden?

Ja. SMB-ar kan kostnadsføre utgifter til første gongs patentering, i samsvar med SkatteFUNN-forskrifta § 16-40-6, 4. leidd: 

Små og mellomstore bedrifter får fradrag for kostnader knyttet til førstegangs patentering. Fradraget gjelder alle kostnader forut for tildelingen av rettigheten i første jurisdiksjon, herunder kostnader knyttet til utarbeiding, inngivelse og oppfølgning av søknaden så vel som kostnader til å fornye søknaden før rettigheten er tildelt.

Høyrer bedrifta mi til kategorien små- og mellomstore bedrifter eller stor bedrift?

Bedriftsstorleiken har noko å seie for kor mykje samla offentleg støtte eit prosjekt kan få. Små bedrifter har færre enn 50 tilsette og ei årleg omsetning eller balanse som ikkje overstig 10 millionar euro. Mellomstore bedrifter har færre enn 250 tilsette og ei årleg omsetning som ikkje overstig 50 millionar euro eller balanse som ikkje overstig 43 millionar euro.

Kva storleikskategori bedrifta blir plassert i, kjem også an på eigarforhold og samband til andre bedrifter som beskrive i § 16-40-5 i forskrift til § 16-40 i skattelova av 26. mars 1999. Ei bedrift vil i SkatteFUNN-samanheng bli sett på som ei stor bedrift om ho saman med eigarbedrifta har 250 tilsette eller fleire eller om omsetninga til bedriftene totalt overstig 50 millionar euro.

Sjå også rettleiing om dette på "User guide to the SME definition".

Dersom bedrifta er under etablering: Kan ein søkje i eit anna namn no og seinere overføre søknaden?

Nei. Det må vere ei etablert bedrift og det må liggje føre eit organisasjonsnummer før SkatteFUNN-søknad kan opprettast og blir send inn.

Er det mogleg å søkje om SkatteFUNN dersom bedrifta er NUF-registrert?

Ja, så lenge bedrifta er skattepliktig til Noreg. (Dersom du som lesar lurer: NUF står for Norskregistrert utenlandsk føretak. Utanlandske føretak som skal drive næringsverksemd i Noreg må registrere seg i Foretaksregisteret som "NUF".)

Korleis bereknar eg skattefrådraget?

Skattefrådraget er 19 prosent av prosjektkostnadane innanfor gjeldande rammer.

Sjå også Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader - SkatteFUNN – Berekning av storleiken på kostnadene.

Er budsjettet i søknaden bindande?

Nei, budsjettet er ikkje bindande, men vi ønskjer eit godt estimat. Det er dei faktiske kostnadene du har hatt i prosjektet som blir teke med i frådraggrunnlaget. Kostnaden kan vere høgare eller lågare enn det du budsjetterte med i søknaden, men kostnadene må vere knytt til det godkjende prosjektet slik det er formulert i søknaden.

Må eg ha revisor til å attestere SkatteFUNN-rekneskapen min når selskapet er halde unna revisorplikt?

Ja. Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon på kravet som blir meldt inn gjennom skattemeldinga. Det vil seie at revisor attesterer kostnadene og stadfestar opplysningane om offentleg støtte. Dette gjeld uavhengig av om skattytar er revisjonspliktig eller ikkje. Tal som skal inn i år- eller sluttrapport til Forskingsrådet innan 1. mars kvart år, treng ikkje revisorgodkjenning.

Vi hadde kostnader på prosjektet før vi fekk godkjent søknaden. Kan vi føre opp desse?

Ja, dersom de hadde kostnadene same kalenderår som de fekk godkjenning for, så kan de det.

Kan eg få godkjent kostnader som samla seg opp i fjor?

Nei. SkatteFUNN-godkjenning gjeld per kalenderår. Det er ikkje mogleg å få skattefrådrag for kostnader komme i året før de søkjer.

Korleis blir frådraget berekna i ei bedrift der eigarane berre delvis, eller ikkje i det heile, tek ut lønn?

Personalkostnader blir berekna ut frå talet på timar FoU-personell utfører på prosjektet med ein timesats på inntil 1,2 promille av avtalt og reell årslønn. Dette gjeld alle skattepliktige verksemder, også enkeltpersonføretak. Sjå elles Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader – SkatteFUNN.

Må tala til års- og sluttrapportar til Forskingsrådet vere revisorattestert?

Nei. Legg inn så gode tal som mogleg frå prosjektrekneskapen på rapporteringstidspunktet.

Kan eg få frådrag i skatt på renter på lån eg tek opp som er knytte til prosjektet?

Ja, men lånekostnader for å finansiere lønn inngår ikke. Sjå Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader - SkatteFUNN - Finansieringskostnader/gjeldsrenter for detaljar.

Kan eg føre opp utgifter til rekneskapsførar og revisor eller til søknadsskriving?

Nei. Kostnader som bedrifta har i samband med søknad om godkjenning av prosjektet og revisorstadfesting i vedlegg til skattemeldinga, kan ikkje inngå i frådraggrunnlaget.

Dersom bedrifta endrar organisasjonsnummer, får det nokon konsekvensar for prosjektet?

Ja. Godkjenninga er knytt til organisasjonsnummeret, så ved endring må de sende inn ein ny søknad. Avslutt prosjektet manuelt på "Mitt nettsted" og send inn sluttrapport så snart endringa er eit faktum. Send så inn ein oppdatert søknad med rett organisasjonsnummer.

Det er viktig at de gir oss beskjed når dette er gjort. Søknaden må sendast inn same år som endringa skjer og i god tid før nyttår.

Det er mogleg å kopiere inn den førre søknaden. Då må start- og sluttdatoane blir endra. Start med å endre sluttdatoen – deretter startdatoen. Hugs å oppdatere delmål og aktivitetar, i tillegg til å endre informasjon om bedrifta, før du sender inn søknaden på nytt. Kontakt oss viss du treng hjelp til dette.

Går det an å forlengje prosjektet?

Dersom det står att FoU-aktivitetar i prosjektet etter at godkjenningsperioden er over, sender du inn sluttrapport som planlagt. Etterpå kan du sende inn ein ny søknad som beskriv kva aktivitetar som står att i FoU-prosjektet.

Den nye søknaden vil få ei sjølvstendig vurdering og bli behandla på vanleg måte. Forskingsrådet vil ikkje automatisk gi ei ny godkjenning av prosjektet.

Er framdriftsplanen bindande?

Det er mogleg å flytte dei godkjende aktivitetane og delmåla på tvers av år, innanfor godkjenningsperioden. Dersom du treng meir tid til utover godkjenningsperioden, må du sende ny SkatteFUNN-søknad der dei gjenståande aktivitetane er beskrivne. Sjå elles spørsmålet om forlenging over.

Kan eg få skattefrådrag for aktivitetar som ikkje står i framdriftsplanen?

Nei. Det er berre mogleg å få frådrag for aktivitetar du har søkt om og fått ei godkjenning for.

Kven er ansvarleg for SkatteFUNN-ordninga?

Forskingsrådet administrerer SkatteFUNN-ordninga i samarbeid med Skatteetaten.

Vi behandlar og godkjenner eller avslår søknadene, basert på om prosjekta oppfyller kriteria for ordninga eller ikkje.

Skatteetaten vurderer innsende krav om skattefrådrag og kan gjennomføre kontroll av om frådraget er korrekt berekna.  

Kvar kan eg finne ut meir om kostnadsføring?

Sjå Skatteetatens Skatte-ABC eller kontakt det lokale skattekontoret ditt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 12:12 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.